Fasaden til nye Høgskulen i Volda som vil stå klar i 2021.
Fasaden til nye Høgskulen i Volda som vil stå klar i 2021.

Slik blir det nye mediehuset i Volda

Skal stå klart tidleg 2021 om prosjektet får klarsignal frå regjeringa.

Prosjektet «EXPO» vann konkurransen om nybygg for mediefag ved Høgskulen i Volda (HVO), skriv Statsbygg i ei pressemelding.

Slik vil det sjå ut på innsida av nye Høgskulen i Volda, frå 2021.

Bak forslaget står PEAB / K Nordang. EXPO var eitt av fire forslag som vart levert til Statsbygg 5. september.

Eit utval, sett saman av representantar frå HVO og Statsbygg, med eksternt innleigd leiar, har evaluert løysingsforslaga og grunngir valet slik:

«"EXPO" tek på ein svært god måte vare på funksjonalitet, lesbarheit og løysing i høve krav til nærleik mellom viktige mediefunksjonar. Bygget står fram som fleksibelt med faste repetisjonar, god takhøgde og god plass til nye føringsvegar. Generaliteten vert teken vare på av rominndeling og takhøgde der romma kan takast i bruk til andre føremål. Viktige mediefunksjonar er plasserte langs glasfasadane som vender mot Joplassvegen. Denne løysinga svarar godt til å gjere aktivitetar synlege utanfrå.»

Fasaden til nye Høgskulen i Volda som vil stå klar i 2021.

Totalentreprenøren har med seg eit team som består av arkitektar frå Link arkitektur og rådgjevarar frå Cowi, ECT, Norconsult og ART.

Statsbygg skal vere byggherre og seinare eigar av bygningen, som skal leigast ut til HVO. Parallelt med utvikling av føreprosjekt må eit regjeringsvedtak vere klart. Får det klarsignal, er det venta at nybygget er klart til innflytting tidleg i 1. kvartal 2021.

Til toppen