Morten Svesengen, sportsjournalist i Romerikes Blad.

Slik dekkjer lokalavisa LSK-kampar. – Ei heilt anna verd, seier Morten Svesengen

– I ein periode for 2-3 år sida byrja me å ta betalt på nett. Då forandra det seg frå dag til dag, men no har det sett seg litt meir, seier Morten Svesengen i Romerikes Blad.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Tidene har forandre seg i norsk mediebransje. Det har Romerikes Blad sin sportsjournalist, Morten Svesengen, merka seg.

– Forandra seg frå dag til dag

Det var essensen i innlegget hans på Norske Sportsjournalisters Forbund sitt årsmøte tysdag kved.

– I 1995 dekkja eg ein kamp mellom Stabæk og LSK. Den gangen var første publisering først tysdag – tre og eit halvt døger etter kampen, sa Svesengen.

– I 2018 er det ei heilt annan verd. Det har skjedd mykje i mellomtida. I ein periode for 2-3 år sida byrja me å ta betalt på nett, og då forandra det seg frå dag til dag, men no har det satt seg litt meir, sa han vidare.

Slik dekkjer RB ein heimekamp for Lillestrøm Sportsklubb:

  • TV-sendinga LSK-magasinet før kamp
  • Papirdekning dagen før kamp
  • Open nettsak før kamp
  • LIVE-dekning under kamp (med hjelp frå NTB)
  • Tekstsak under kamp som vert oppdatert jamleg under kamp – og etter
  • Spelarbørs
  • Reaksjonssak
  • TV-sending dagen etter kamp

Alt dette vert gjort av eit team på to personar frå ein sportsredaksjon på tre.

Det er eit potensielt problem leiar av forbundet, Reidar Sollie, retta lyset mot i ei Medier24-sak måndag.

– Kva likar du best av å skrive kommentarar å vere programleiar? spurde styreleiar Sollie Svesengen etter innlegget.

– Det går relativt greitt begge deler.

Sender direkte til trykkjeri

Morten Svesengen, sportsjournalist i Romerikes Blad.

Svesengen fortel at det er ekstra stor interesse for spelarbørsen, som skapar engasjement og debatt.

– Spelarbørs legg me ut umiddelbart etter kamp. I gamle dagar haldt me den igjen, då den var eksklusiv for papirlesarar. No går den ut på nett, og vert ekstremt godt lest.

Men det stoppar ikkje der.

– Eg skriv òg ein kommentar etter kamp, som eg er ferdig med like før 22.30. Den sender eg direkte til trykkjeriet – utan mellomledd. Ingen ser gjennom den før den vert publisert, seier han.

Spreier det utover

Svesengen meiner det er viktig å porsjonere ut sakene.

– Me har så mange saker at det er ingen vits å leggje alt ut etter kamp. Då slår dei kvarandre i hel, så me spreier dei utover.

– Det er betre lesartal ved tap.

– Har det løfta dykk? spør sportsredaktør i Nettavisen, Carina Alice Bredesen.

– Det er iallfall betre enn det me hadde å tilby i 1995.

Powered by Labrador CMS