Deler av SOL.no-redaksjonen. Frå venstre: Redaktør Andreas Heen Carlsen, ansvarleg redaktør og adm. dir. Jan Thoresen, og desksjef Trond Alsvik.

SOL.no auka inntektene og fekk fleire lesarar. Men investeringar svekkja resultatet

– Betre enn me hadde budsjettert med, seier SOL.no-sjef Jan Thoresen.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Nettportalen SOL.no, eigd av Aller Media, leverte eit sterkt 2018/2019-resultat med ein omsetnad på 42,7 millionar kroner og driftsmargin på 15 prosent.

– Annonsemarknaden er fallande, så me er nøgd med omsetnadsvekst, seier ansvarleg redaktør og administrerande direktør Jan Thoresen i SOL.no til Medier24.

Sjølv om dei opplever vekst i inntektene, er resultatet redusert med dryge ni prosent, og selskapet er mindre lønsamt enn året før. Det har ei forklaring, ifølgje Thoresen.

Ansvarleg redaktør og administrerande direktør Jan Thoresen i SOL.no – her utanfor Aller Media sine lokale på Hasle i Oslo.

– 2019 var eit investeringsår, då våre tre nye nisjenettstader hadde sitt første heile driftsår, seier han og viser til VI.no, Elbil24, og Kode24.

Tre forretningsmodellar

Thoresen legg til:

– Det er grunnen til at me har noko lågare resultat, men 15 prosent margin er betre enn me hadde budsjettert med.

SOL.no 2018/19 2017/18 Endring
Omsetnad 42.7 mNOK 39.5 mNOK 8.1 %
Driftsresultat 6.8 mNOK 7.5 mNOK -9.3%
Driftsmargin 15.0 % 19.0 % -21.1%

Han fortel om ein vekst i lesarar på sju prosent på SOL.no, og at dei tek igjen tapt terreng på desktop ved å auka lesarmassen på mobil. I tillegg lanserte dei podkast for å nå ut til fleire – utan at dei ser på det som ei potensiell inntektskjelde.

Og med deira tre nye nisjeaviser gjorde dei også seks-sju nytilsetjingar. Det finansierer dei ved tre ulike finansieringsmodellar:

– Kode24 lever av stillingsannonsar, Elbil24 har ein medlemsbasert modell, medan VI.no har ein rein annonsemodell. Det er berekraftig å ha fleire enn ein type inntekter, seier han.

Knekt ein kode

Scandinavia Online driftar alle dei tre selskapa.

– Me fungerer som ein intern inkubator i Aller Media, kor me har knekt koden på å starta nye nettstader og raskt generera inntekter på dei. Det er gøy at desse tre nettstadene lever av ulik forretningsmodell, seier han.

– Kvifor er ikkje podkast ein inntektsmoglegheit?

– Det er meir eit tiltak for å fortelja om oss og nå publikum på ein ny kanal. Når det er sagt, har me på Kode24 eit utruleg kult annonseformat i podkasten kor redaksjonen les opp stillingsannonsane med trekkspelmusikk i bakgrunnen, seier Thoresen og ler.

Både eldre og unge les SOL.no

– Men er det ein motsetnad å selja annonsar og nå publikum på nye kanalar, eller har de berre bestemt dykk for å ikkje plaga lyttarane med reklame?

– Førebels vurderer me oss ikkje som store nok til at me prioriterer det. Me har gode inntekter på dei andre flatene våre. På podkast er det slik at dei største stikk av med mesteparten av pengane, seier han.

Deler av SOL.no-redaksjonen. Frå venstre: Ansvarleg redaktør og adm. dir. Jan Thoresen, redaktør Andreas Heen Carlsen og desksjef Trond Alsvik.

Han seier at rekneskapsåret 2019/20 også ser bra ut. På spørsmål om kven som les SOL.no i 2020, svarar Thoresen:

– Me har dei vaksne, som har vore på nett lenge og hugsar Sol frå tidlegare, og dei nye, som brukar oss på mobil og ser på oss som ein fin måte å få oversikt over nyheitene på.

Powered by Labrador CMS