Sportssjef i Nettavisen, Carina Alice Bredesen.

Sportssjef i Nettavisen vil ha uavhengige til å kommentere lokalidretten: – Eg er kritisk til å bruke folk frå klubbane

Nettavisen-eigar Amedia sit på ei lang rekkje lokale sportsrettar. Carina Alice Bredesen i Nettavisen tykkjer det kan bli utfordrande å få «riktige folk» til å dekkje kampane.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det er eit drygt år sidan nyheita om at Amedia kjøper Nettavisen sprakk.

Som ein del av pakken, fekk Nettavisen ein drøss med rettar til lokalidrett – og sender no både fotball, handball, volleyball og basketball direkte.

– Direktesendingane er veldig populært blant abonnentar, og dreg lasset i veldig stor grad. Studiosendingar før og etter kamp lønnar seg ikkje, jo mindre ein har ei veldig dedikert lesargruppe, seier sportssjef i Nettavisen, Carina Alice Bredesen, på Norske Sportsjournalister Forbund sitt årsmøte tysdag.

 

Lønnsamt?

Ho fortel om fleire utfordringar knyt til å dekkje så mange ulike idrettsarrangement – direkte – med avgrensa ressursar.

– Det er ofte amatørar som tek med seg ein Mac, riggar seg opp, og prøver steg for steg. Ein er ikkje heilt rigga for alt, seier ho.

– Men når det er redaksjonen som tek imot klager når ting går gale, og kundeservice stenger 16, oppstår det eit problem. Det er nok ikkje noko ein tenkte på då rettane vart kjøpt, seier Bredesen vidare.

Sportssjef i Nettavisen, Carina Alice Bredesen.

Ho trur likevel det vil vere ein lønnsam investering for Amedia på sikt.

 

– Må dekkje det kritisk

For Nettavisen sin del vart dei på mange måtar kasta inn i sirkuset, og tek enno lærdom gradvis.

– Det har vore ei bratt læringskurve.

– Me tenkte litt at kva skal sporten i Nettavisen med 2.-divisjon fotball, og 1.-divisjon hockey? Me var usikre på kva veg det skulle ta, seier ho.

No satsar dei på sjølvstendig redaksjonelt innhald frå lokalidretten, og meiner det er ein nøkkel for å engasjere.

– Me må òg forsvare det redaksjonelt, så me må dekkje det kritisk. Det skal vere litt konfliktfylt i toppsakene, og på den måten skape engasjement, seier ho.

 

– Vrient å akseptere

Når fleire kampar skal overførast, og kommenterast, kvar helg, vil det naturlegvis bli spørsmål om bemanning. Det har dei tidvis løyst ved å få lokale og uprofesjonelle til å kommentere.

– Eg er kritisk til at ein bruker ein til dømes ein juniorspelar, eller ein annan frå klubben, til å kommentere kampar. Det er vrient å akseptere i blant. Ein vil helst ha ein upartisk profesjonell kommentator.

– I blant leverer klubbane kommentatorar, men me har rekruttert ein god del frilansarar, som er tilsette på sesongbasis, seier ho.

 

Prioriteringar

– Korleis prioriterer de stoff som Premier League, som har større nasjonal interesse, mot lokalidrett som de har rettane til? spør VG-sportssjef Øyvind Brenne frå salen.

– Sportsredaksjonen jobbar med dei «vanlege» sakene, på fronten, og så har me faste plasseringar for abonnementsstoffet. Det opne stoffet konkurrerer på ein heilt annan måte. Det er sjeldan ei NA+-sending toppar, seier ho.

Powered by Labrador CMS