Matkanalen-gründer Øivind Lindøe.

Stadig vekst for Matkanalen: Driftsmargin på nesten 20 prosent

Og no har nesten halvparten av Norges befolkning over ti år kjennskap til kanalen som vart lansert i 2015, ifølgje fersk undersøking.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det er drygt tre år sidan haugesundaren Øivind Lindøe gjekk mot straumen og lanserte ein lineær tv-kanal om mat. Sidan har det gått slag i slag for Matkanalen og 2018-resultata viser ein omsetnad på 8,19 millionar kroner.

Med eit driftsresultat på 1,63 millionar kroner gir ein driftsmargin på 19,9.

 

– Sparar oss ikkje til fant

– Me er nøgd med resultatet, og trur at veksten held fram vidare. Starten på året er veldig bra, og ein aukande del av inntektene er no digitale, seier Lindøe til Medier24, og legg til:

– Me har budsjettert friskt for 2019, slik at me har noko å strekke oss etter.

Matkanalen-gründer Øivind Lindøe.

– Det var ein som sa til meg at rekneskap burde lesast opp ned. Det er botnlinja som betyr noko. Me har heile tida utgifter, så me sparar oss ikkje til fant, seier han vidare.

I november fortalde Medier24 om at Matkanalen er blant dei heldige utvalde som får bli med på Snapchat «Show», kor kanalen fekk umiddelbar respons, og fekk nær 150.000 unike brukarar dei første dagane.

 

43 prosent kjennskap

No fortel Matkanalen i ei melding til Medier24 at «hjelpt kjennskap» til Matkanalen  er på 43 prosent, målt av analyseselskapet Norfakta i veke fem.

Dosent Trond Blindheim ved Høyskolen Kristiania.

Dei opplyser vidare at Matkanalen vert distribuert til 82 prosent av norske husstandar, gjennom grunnpakkar hos alle TV-distributørane.

– At 43 prosent av heile Norges befolkning over ti år kjenner selskapet ditt, er langt frå alle selskap forunt, og gjer at selskapet har eit sterkt utgangspunkt for å kapitalisere på dette, både på TV eller andre kanalar og former, seier dosent Trond Blindheim ved Høyskolen Kristiania i pressemeldinga.

Lindøe er nøgd med framgangen frå november 2016, kor kjennskapen vart målt til 21 prosent. Han hadde likevel håpa på eit resultat over 50 prosent.

– Når me målte så håpte eg på over halvparten, men så er det på tre år. Eg trur me skal ver ganske nøgd med det, seier han til Medier24.

– Mediebedrifter må ha høg kjennskap. Hadde me til dømes vore eit relativt nystarta sjokolademerke, så trur eg me måtte investert ganske mykje pengar i merkevare for å nå den kjennskapen me har no, seier han vidare.

Powered by Labrador CMS