Innovasjon Norges Håkon Haugli og journalist i Medier24, Ole Alexander Saue (innfelt).
Innovasjon Norges Håkon Haugli og journalist i Medier24, Ole Alexander Saue (innfelt). (Foto: Esben Johansen/Innovasjon Norge og Henrik Mundal Andreassen)

KOMMENTAR

Statlege midlar til «fake news»? Nei takk, Innovasjon Norge

«Idéen om ei klokkefri øy i nord var sikkert kul. Idéen om å bruke ein halv million kroner på å villeie befolkninga burde derimot vore gravlagd for lenge sidan», skriv Medier24-journalist Ole Alexander Saue.

«Crazy, but serious: The world's first 'time free' zone? Norway is considering it» sto det i USA Today førre veke.

Nettavisa skreiv om øysamfunnet Sommarøy utanfor Tromsø som ville kvitte seg med tida. Dei skulle bli verdas første tidsfrie sone, kunne ein lese i ulike medium. Store internasjonale publikasjonar som CNNThe GuardianThe IndependentTime Magazine, Daily Mail og China Daily omtalte dei sensasjonelle planane.

Her heime var NTB, NRK, Dagbladet, TV 2, Nettavisen og ulike regionale medium kjapt på ballen. Seinare følgde Aftenposten og Dagens Næringsliv opp historia som først vart kjent via ei pressemelding av PR-Operatørene 5. juni.

Saka fekk mykje merksemd, men så vart det stille. Heilt til ein årvaken journalist i NRK undersøkte saka nærare. Tysdag kveld kunne statskanalen fortelje at det ikkje finst nokre planar om ei klokkelaus framtid i det vesle fiskerisamfunnet i nord.

Media bør spørje seg sjølv om dei var kritiske nok i formidlinga av nyheita, men dei har òg all grunn til å føle seg lurt. Bak det svært så nøye planlagde pressestuntet sto nemleg det statlege selskapet Innovasjon Norge, som vedgår overfor NRK at det heile var gjort for å tiltrekke Sommarøy merksemd.

Ifølgje NRK hadde Innovasjon Norge brukt nesten ein halv million kroner på PR-stuntet, som innebar hjelp frå byrå i både Oslo og London.

Eit selskap, som er eigd av staten (51 %) og fylkeskommunane (49 %) har altså brukt i underkant av 500.000 kroner på å spreie ei falsk nyheit om ei øy i nord fordi dei vil trekkje fleire turistar til landet.

I 2018 fekk Innovasjon Norge 546.000 kroner over statsbudsjettet frå posten «Reiseliv, profilering og kompetanse». Totalt vart heile 4,1 milliardar kroner løyvd av Stortinget og fylkestinga til Innovasjon Norge i fjor.

No viser det seg at deler av det går til å lure journalistar. Når vart det greitt å bruke statlege midlar på «fake news»?

Det vil openbert vere ryddig av avisene som omtalte prosjektet å korrigere opplysningane overfor lesarane sine. Ein av Norges største papiraviser målt i opplag, Aftenposten Junior, var blant dei som hadde nyheita på framsida si denne veka. Lukke til med å forklare dette overfor lesarane heilt ned i barneskulealder.

NRK spør reiselivsdirektør Bente Bratland Holm i Innovasjon Norge om dei har lurt heile verda, svarar ho slik:

«Noen vil kanskje føle seg litt lurt, men man kan ikke annonsere seg til oppmerksomhet lenger, man er nødt til å fortelle en god historie.»

«En god historie», kallar dei det. Eg kallar det løgn.

Og nettopp løgn har me nok av om dagen. Dei siste åra har me sett ein kraftig auke i falske nyheiter, propaganda i sosiale medium, og den noko mindre skumle veslebroren alternative nyheiter med alternative fakta.

Som respons på framveksten har det dukka opp ei rekkje faktasjekknettstader (Faktisk.no i Norge), og til og med Facebook har sett alvoret og varsla i vinter kamp mot spreiinga av falske nyheiter og uærlege aktørar.

Heime i Noreg er problemet langt mindre enn det er i til dømes USA og Russland. Heldigvis.

Då er det synd at Innovasjon Norge tek på seg jobben om å spreie desinformasjon for eiga vinning.

Innovasjon Norge ser kanskje på dette som ein uskuldig spøk og eit godt PR-stunt. Det hadde det kanskje vore for ti år sidan. I dag er dette likevel problematisk av fleire grunnar. For det første kan det bidra til å svekkje tilliten til mediene, når det vert kjent at den virale historia ikkje var sann. For det andre kan det, som jurist Kristine Foss i Norsk Presseforbund påpeikar overfor NRK, svekkje journalistane sitt tillitsforhold til Innovasjon Norge som kjelde.

Samstundes er det lov å håpe at norske journalistar og redaktørar får seg ein vekkjar og påminning om at dei mest oppsiktsvekkjande pressemeldingane bør sjekkast nøye før dei vert via særleg spalteplass.

Hadde Innovasjon Norge vore eit privateigd selskap kunne dei ha jubla for merksemda, ledd av dei nyttige idiotane i pressa, teke mot kritikken, gått vidare og tenkt at all PR er god PR. Dei er derimot finansiert av deg og meg, og må aldri gløyme samfunnsansvaret det fører med seg.

At ei kreativ sjel i marknadsavdelinga tykte dette var ein god plan får så vere, men at dette har blitt kvalitetssikra gjennom fleire ledd, og gjennomført, bør føre til oppvaskmøte.

Idéen om ei klokkefri øy i nord var sikkert kul. Idéen om å bruke ein halv million kroner på å villeie befolkninga burde derimot vore gravlagd for lenge sidan.

Til toppen