Styreleiar i Schibsted og Tinius, Ole Jacob Sunde.
Styreleiar i Schibsted og Tinius, Ole Jacob Sunde. (Ole Alexander Saue)

Stiftelsen Tinius blar opp 200 mill. og kjøper seg opp i Schibsted

Tinius aukar eigardelen sin, medan avtroppande finansdirektør Trond Berger sel aksjar for 5,7 millionar kroner.

Stiftelsen Tinius har kjøpt seg opp frå 23,7 prosent til ein eigardel på 24,1 prosent.

Via Blommenholm Industrier kjøper dei 920.000 B-aksjar for til saman 200,5 millionar kroner til ein kurs på rundt 218 kroner, kjem det fram i ei børsmelding torsdag kveld.

 

Styreleder i Schibsted, Ole Jacob Sunde. Her i samtale me finansdirektør Trond Berger.
Styreleiar i Schibsted, Ole Jacob Sunde. Her i samtale me finansdirektør Trond Berger. Foto: Ole Alexander Saue

Redaksjonelt sjølvstende

Stiftelsen Tinius og Blommenholm Industrier er leia av administrerande direktør Kjersti Løken Stavrum. Ole Jacob Sunde er styreleiar i både Tinius og Schibsted.

Tinius-stiftinga vart skipa av tidlegare Schibsted-eigar og Aftenposten-sjef Tinius Nagell-Erichsen i 1996, for å sikre redaksjonelt sjølvstende og langsiktig eigarskap av Schibsted.

 

Trond Berger cashar inn

Samstundes sel avtroppande finansdirektør, Trond Berger, 24.740 B-aksjar til ein verdi av 5,7 millionar kroner til ein kurs på om lag 230 kroner, skriv Schibsted i ei børsmelding.

Berger sit no igjen med 4.425 A-aksjar og 15.557 B-aksjar verd til saman 4,7 millionar kroner, fordelt privat og via sitt investeringsselskap Trobe Invest.

I mars vart det kjent at Ragnar Kårhus blir ny finansdirektør i Schibsted etter Berger, som går av 1. september i år.

Til toppen