SV-politikar Mikkel Grüner i Bergen. Innfelt er døme på hermeteikn i Bergensavisen sine leiarartiklar.
SV-politikar Mikkel Grüner i Bergen. Innfelt er døme på hermeteikn i Bergensavisen sine leiarartiklar. (Foto: Bergen SV/skjermdump, BA)

«SV-politikar» slaktar «BA» sin bruk av herme­teikn: – Dei piner meg

– Påfallande at ingen i redaksjonen reagerer på det, seier Mikkel Grüner (SV). – Leiarane i BA skal vera kjekke å lesa, svarar BA-redaktør Sigvald Sveinbjørnsson.

«Dugnadsånden», «godt», «oppskrift», «falt», «anbud».

Dette berre eit tilfeldig utdrag av ord, brukt i si opphavlege betydning, men bura inne i Bergensavisen sine notoriske hermeteikn.

 

– Dei peprar oss med hermeteikn

Det var SV-politikar i Bergen, Mikkel Grüner, som sperra opp augo for BA sin bruk av hermeteikn i leiarartiklane. Det blei til slutt eit oppheng han no har delt med sine dryge 7.500 følgjarar på Twitter.

Saka held fram under tweeten.

– Eg klarar ikkje meir. Kvifor piner de meg, BA? Kva er den sjuke agendaen dykkar, spør Grüner midtvegs i Twitter-tråden, kor han har funne ord som «smitte», «bestisene», «relevant arbeid etter studie», «kasteballer» og «effektivisert» i hermeteikn i ein og same leiar.

Tråden har fått 16 retweets og 70 likes etter 18 dagar på lufta.

– Kva er det med opphenget ditt i BA sine hermeteikn?

SV-politikar Mikkel Grüner i Bergen Foto: Bergen SV

– Eg er lokalpolitikar i Bergen, og som ein del av den jobben er eg nøydd til å lesa aviser. Dette starta med at BA skreiv ein leiar som handlar om mitt parti, SV, kor dei skildra oss som Tesla-SV i hermeteikn. Då eg først såg det, gjekk det ikkje an å ikkje leggja merke til det vidare, seier Grüner til Medier24, og legg til:

– Deretter merka eg at dei peprar oss med hermeteikn. Av og til er det riktig bruk, og av og til er det openbert ikkje det. Eg anerkjenner at dei av og til brukar det i staden for «sokalla», men når ein brukar det 5, 8, 11 gongar i løpet av ein tekst, til og med i overskrifta, går det over ei grense for det eg vil kalla normal bruk av hermeteikn.

– Kva er det beste dømet på BA sin bruk av hermeteikn?

– Det er vanskeleg å velja ein favoritt. Det blir litt som å velja mellom ungane dine. Men leiaren med fem i eitt avsnitt likar eg veldig godt.

 

Språkrådet: – Veldig rart

Men er det so ille som Grüner skal ha det til? Medier24 slår på tråden til direktør Åse Wetås i Språkrådet.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås. Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

– Veldig mange av dei er veldig rare. Mengda, og at det er vanskeleg å tolka føremålet med bruken, er to heilt openberre problemstillingar her, seier Wetås til Medier24.

– Oppmodar du BA til å ta ein runde på dette?

– Ein runde, eller «runde» i hermeteikn, spør ho, ler, og følgjer opp meir alvorleg:

– Ja, eg trur det er nyttig for alle profesjonelle skribentar å evaluera skrivinga og tekstane. Her er det ekstra grunn til å sjå på bruken av hermeteikn.

 

BA: – Skal ikkje vera knusktørt

Men vil sjefredaktør Sigvald Sveinbjørnsson i BA vurdera bruken av hermeteikn?

– Halloi! Eg driv hardtslåande og kritisk journalistikk på den utstrekte bruken av hermeteikn i leiarane i BA.

– Hahaha! Jajaja. Hermeteikn, ja.

– Har du fått med deg opphenget til Mikkel Grüner?

Sjefredaktør Sigvald Sveinbjørnsson i Bergensavisen.
Sjefredaktør Sigvald Sveinbjørnsson i Bergensavisen. Foto: Ole Alexander Saue

– Ja, skriv berre «SV-politikaren», i hermeteikn.

– Er desse hermeteikna ditt verk?

– Eg kan ikkje skryta på meg det. Lat meg konferera litt … Men eg tek ansvar for alt, så om ein kan vera litt humoristiske:

– Me ynskjer at leiarane i BA skal vera kjekke å lesa. Det skal ikkje vera knusktørre samandrag som ein les i ein NOU og andre offisielle dokument. Hermeteikn er brukt som eit språkleg verkemiddel for å understreka og utheva. I leiaren har me ein litt friare bruk av språklege og grafiske verkemiddel enn elles i avisa, seier Sveinbjørnsson, og legg til:

– Eg har – via andre – fått med meg denne ranten på Twitter. Eg er ikkje så aktiv på Twitter sjølv. Livet vart mykje betre etter at eg slutta å sjekka det fast. No sjekkar eg berre kva Donald Trump skriv. Eg les alle hans tweets. Men eg har lese omtalen frå den sokalla «Mikkel Grüner», i hermeteikn.

– Både sokalla og «Mikkel Grüner» i hermeteikn?

– Ja, begge deler. Og så kan han lura på kva me meiner med det, seier Sveinbjørnsson, til trass for regelen om at ein ikkje bruka hermeteikn når ein først har skrive sokalla.

– Me forsøker å vera litt frekke i blant. I dag har me ei fantastisk formulering – utan hermeteikn – om Høgre-politikar Peter Christian Frølich, då det har vore litt tvil om kvar han bur, Fana eller Fyllingsdalen.

Sjefredaktør Sigvald Sveinbjørnsson i Bergensavisen, saman med tilsette i redaksjonen.
Sjefredaktør Sigvald Sveinbjørnsson i Bergensavisen, saman med tilsette i redaksjonen. Foto: Ole Alexander Saue

– Først «Høyre-banden» i hermeteikn. Deretter «fanagutten Peter Christian Frølich fra Fyllingsdalen». Det er herleg.

– Språkrådet ber dykk sjå på bruken av hermeteikn. Vil de halda fram som før?

– Når Språkrådet, utan hermeteikn, ber oss om å tenka ein gang til på det, så får me «sove litt på det», i hermeteikn, seier han avslutningsvis.

… men ringer opp igjen tre minuttar seinare.

– No har me snakka saman i avdelinga her. Me kan forstå at Grüner reagerte. Det byrja frå hans og vår del med Tesla-SV, og det er greitt, me kan skriva det utan hermeteikn frå no av.

 

– Tekstlege forstyrringar

Wetås i Språkrådet meiner nemleg at avisa sin bruk av hermeteikn kan forstyrra meir enn det oppklarer.

ÅSE WETÅS, direktør i Språkrådet.
Direktør i Språkrådet, Åse Wetås. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Resultatet er at det blir mange tekstlege forstyrringar. Nokre gongar ser det ut til å vera for å markera distanse til noko, som eit tekstleg grep. Men det mistar effekt om ein brukar det for mykje, for ofte, og utan atterhald, seier ho.

– Eg som skriv nynorsk, kva ord bør eg bruka for «anførselstegn»?

– Eg skriv også nynorsk, og har alltid kalla det hermeteikn. No har eg ein spesielt frå rådgjevingstenesta her. Eg kan kasta det over på han.

[Wetås spør sidemannen: – «Anførselstegn» på nynorsk. Kva er det?]

– Ja, no er me tre personar her, alle samstemte om at «hermeteikn» er det riktige.

– Ok, det er det eg har skrive, men eg tykkjer berre det er eit dårleg ord.

– Ja, men det seier jo noko om den opphavlege betydninga. At ein hermar eller siterer.

Til toppen