Tidlegare finansdirektør i Schibsted, Trond Berger (t.h.). Her i samtale med styreleiar i Schibsted, Ole Jacob Sunde.

Sel seg ned:

Tidlegare Schibsted-direktør cashar inn fire mill. kroner på aksjesal

Tidlegare finansdirektør Trond Berger sel Schibsted-aksjar for 3,9 millionar.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det kjem fram i ei børsmelding fredag.

Berger gjekk 1. oktober frå jobben som finansdirektør i Schibsted til stillinga som investeringsansvarleg i eigarselskapet Blommenholm Industrier.

Han sel no 15.500 b-aksjar til ein verdi av 3,9 millionar kroner til ein aksjepris på 253,6 kroner.

Før sommaren selde Berger 24.740 b-aksjar til ein verdi av 5,7 millionar kroner, med ein kurs på rundt 230 kroner.

Berger står no med 4.689 Schibsted-aksjar, 3.240 av dei via investeringsselskapet Trobe Invest, og har håva inn nærmare ti millionar kroner på Schibsted-aksjar det siste halvåret.

Powered by Labrador CMS