Tomas Bruvik

Tomas Bruvik har sagt opp redaktørjobben i Kvinnheringen

Skal halda fram med innovasjonsarbeid i Landslaget for lokalaviser (LLA).

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Det skriv Kvinnheringen torsdag morgon.

I januar melde LLA at Bruvik det neste halve året skal vere prosjektleiar for LLA sitt innovasjonsprosjekt. Han har hatt permisjon frå redaktørjobben for å drive med andre ting, men sluttar no altså for godt i avisa. Fungerande redaktør og dagleg leiar, Mona Grønningen, blir i redaktørstolen ut året.

– Det er vemodig å tenkje på, så no er på veg for å seie hei til redaksjonen som nettopp fekk meldinga om at eg har sagt opp, seier Bruvik til Medier24.

Bruvik delte nyheiten sjølv i ei Facebook-melding torsdag, kor han mellom anna skriv:

«Ein har aldri fri, sjølv om ein har fri. Det skal no bli fint å sleppa akkurat det, og ikkje minst kunne reisa på tur med gode og dårlege vener, utan at andre har meiningar om kven eg er på tur med. Det kjennest bra.»

Med det refererer Bruvik til ein nyleg debatt i sosiale medier og i Kvinnheringen om den avtroppande redaktøren sitt kameratskap med Kvinnherad-ordførar Peder Sjo Slettebø (H).

– Er det habilitetsgrunnar til at du går av?

– Nei, det har absolutt ingenting med det å gjera, seier han.

– Me er ein gjeng som har reist på tur i nesten ti år, og me har alltid vore opne om det. Det er snart valkamp, så det kan ha påverka debatten, seier han.

Bruvik skal halda fram med prosjektstillinga i LLA på ubestemt tid, og har førebels ingen planar om vegen vidare når den stillinga tek slutt.

– Dei fire månadane eg har vore ute har det vore fantastisk fint å ha fri når ein har fri, og ikkje måtte jobbe kvar helg, seier han.

– Eg sluttar no fordi eg kjente at eg har vore redaktør i nesten 20 år. Det er ein hard jobb, og ein er på jobb 24/7. Det trur eg mange kjenner på, og det tærer på kreftene. Det er krevjande å vere lokalavisredaktør, seier han.

– Kan det bli aktuelt med jobb i kommunikasjon og pr?

– Det ligg ikkje fremst i planane det, nei. Eg vil jobbe med avis, så eg har ikkje planar om det.

– Kva med politikken?

– Aldri i livet. Eg har stor respekt for politikarar, men så vondt vil eg meg ikkje sjølv, seier han.

Powered by Labrador CMS