STILLING LEDIG:

Helse- og omsorgs­departementet (HOD) søker to samfunnsengasjerte kommunikasjons­rådgivarar

To faste stillingar som kommunikasjonsrådgivarar

Denne artikkelen er over to år gammel.

Informasjon om stillingen:

Stillingstype: Fast

Arbeidssted: Oslo

Søknadsfrist: 24. april

Om arbeidsgiver

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.

Departementet har 220 tilsette. Les meir om oss på regjeringa.no.

Kommunikasjonseininga

Kommunikasjonseininga har ansvar for praktisk tilrettelegging og strategisk utforming av politisk leiing sin kontakt med media, og eit overordna ansvar for strategisk kommunikasjon, ekstern og internkommunikasjon, nettsider, sosiale medium og krisekommunikasjon. Eininga har tolv tilsette.

To faste stillingar som kommunikasjonsrådgivarar

Som kommunikasjonsrådgivar i Helse- og omsorgsdepartementet får du ein av dei mest spennande kommunikasjonsjobbane i landet. Helsepolitikk angår alle og engasjerer mange. Kommunikasjonseininga jobbar tett med politisk leiing. Vi søker difor etter to samfunnsengasjerte medarbeidarar med god rolleforståing og god kjennskap til utviklinga i medielandskapet.

Arbeidsoppgåver

  • Pressekontakt og medierådgiving. Du vil inngå i pressevaktordninga
  • Skrive og bearbeide tekstar som talepunkt, innlegg og pressemeldingar
  • Lage innhald til regjeringen.no og sosiale medier (tekst, bilete og video)
  • Kommunikasjonsansvar for eit av fagområda i departementet
  • Førebu og følgje statsråden på reiser
  • Bidra ved andre aktuelle oppgåver

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning frå universitet eller høgskole, på minimum bachelornivå, helst innan journalistikk, kommunikasjon, medievitskap eller samfunnsvitskap.Relevant arbeidserfaring kan erstatte utdanning.
  • Du har ein svært god penn, og skriv klart og tydeleg
  • Du har god rolleforståing, og forstår samspelet mellom politikk, embetsverk og media godt
  • Du ser kva situasjonar som eignar seg på bilete og film - og greier å fange dei!
  • Du bør ha erfaring som journalist og/eller kommunikasjonsrådgivar og pressekontakt
  • Erfaring frå offentleg sektor og kjennskap til politiske prosessar vil bli lagt vekt på

For stilling som rådgjevar krev vi normalt minst 3 år relevant erfaring, og for seniorrådgjevar normalt minst 6 år relevant erfaring.

Dei som blir tilsett, må kunne verte sikkerhetsklarerte.

Personlege eigenskapar:

  • Idérik og initiativrik
  • Strukturert og stor arbeidskapasitet
  • God vurderingsevne og van til å handle raskt når det er nødvendig
  • Arbeider godt under press
  • Interesse for departementet sine fagområde
  • Er raus og fleksibel
  • Omgjengeleg med gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb tett på departementet sine fagavdelingar og politisk leiing
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Lyse kontorlandskap midt i sentrum (regjeringskvartalet)

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:

Kr 550 000 – 750 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare løn.

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.

Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet

Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Kontaktinformasjon:

Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.

Unntak fra offentlig søkerliste

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS