Trine Sandberg fekk prisen årets business under VIXEN Influencer Awards 2017.

Trines Matblogg med million­utbytte etter solid år med Meny-samarbeid

– Me er nøgd med samarbeidet, seier marknadsdirektør Jørgen Normann-Larsen i Meny til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Trine Sandberg, som har drive Trines Matblogg sidan 2006, leverte i 2018 eit rekneskap som viste eit resultat før skatt på 1,6 millionar kroner og ein driftsmargin på heile 38 prosent.

Omsetnaden er opp frå 3,7 millionar kroner i 2017 til 4,2 millionar kroner i fjor.

Medier24 har gjentekne gongar forsøkt å intervjue Sandberg om resultatet. I ein e-post skriv ho:

«Jeg ønsker ikke å kommentere årsregnskapet utover at jeg er fornøyd med både samarbeid og resultat i 2018. Jeg har hittil i år hatt hovedfokus på å lage oppskrifter + fotografere til min nye kokebok "Trines hverdagsmat", som kommer for salg i september/oktober.»

Trines Matblogg 2018 2017 Endring
Omsetning 4,168,499 3,364,479 19.3 %
Driftsresultat 1,582,154 896,767 43.3 %
Resultat før skatt 1,573,076 899,400 42.8 %
       
Driftsmargin 38.0 % 26.7 % 29.8 %

Bok nummer fire

Sandberg er utdanna jurist og jobba i Utdanningsdirektoratet før ho i 2015 sa opp jobben og satsa alt på bloggen.

Sandberg har gjeve ut bøkene Trines mat (2013), Trines mat 2 (2015), Trine inviterer (2017), og gir i haust ut boka Trines hverdagsmat. Alle er utgjeve på Cappelen Damm. Ho har òg i fleire år vore dommar i «Det norske måltid».

Ho løyvde seg i fjor eit utbytte på éin million kroner, og hadde i tillegg ei løn på 810.000 kroner. Sandberg er einaste aksjonær i Trines Mat as.

I 2017 vant Sandberg «Årets bloggbusiness» under Vixen Influencer Awards.

Sandberg sitt beste rekneskapsår var i 2016. Då omsette ho for 4,6 millionar kroner, fekk eit driftsresultat på 2,3 millionar kroner og ein driftsmargin på vanvitige 49,6 prosent.

Trines Matblogg har eit kommersielt samarbeid med Meny, og har det siste annonsert for både Bremykt, Mutti, Philadelphia, Møllerens, Santa Maria, FotoKnudsen, Brie de Paris, Rosendahl og GoGreen.

– Trine har ei fin profil

Samarbeidet med Meny går ut på at innlegga hennar med oppskrifter vert utstyrt med ein handlevognknapp som sender lesaren direkte til Meny sin nettbutikk, kor ein kan handle dei naudsynte ingrediensane.

Jørgen Normann-Larsen er marknadsdirektør i Meny.

– Me er nøgd med samarbeidet då me ser folk nyttar funksjonen, seier marknadsdirektør Jørgen Normann-Larsen i Meny til Medier24.

Sandberg har samarbeidd med Meny siden hausten 2017.

– Det gir oss litt auka trafikk på nettsidene, og så har det ein verdi for oss at Trine har ei fin profil som er «rett fram», ujålete og utan å vere så oppteken av at oppskriftene skal ha det eine eller andre i, seier han.

 

Kundeavis

– Korleis er avtalen med Sandberg? Er det provisjon?

– Det er eit strategisk, økonomisk samarbeid over fleire år, og er ikkje prestasjonsbasert, seier han.

– Er tv og aviser annonseplattformene Meny nyttar mest pengar på?

– Nei, det er faktisk på kundeavisa vår. Me brukar òg mykje pengar på tv, radio, søk og innhaldsproduksjon, sosiale medier og partnarskap med mediene, seier han.

Powered by Labrador CMS