Trond Giske, mediepolitisk talsperson i Arbeidarpartiet.

Trond Giske om mediemeldinga: – Veldig svak

Usemje om mediepolitikken på debatt torsdag.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

– Tage seier at ein ikkje kan få alle til å juble. Ein kunne forsøkt å få nokon til å juble. Eg tykkjer meldinga er veldig svak. Det er ei melding på 114 siider, med fem sider om overordna målsetjingar for mediepolitikken, 15 sider om trendar, og så er resten ei nærsynt diskusjon om veldig små tiltak.

Slik innleia mediepolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Trond Giske, på debatt om medieistøttemeldinga i regi av Mediebedriftene i Oslo og Akershus og Oslo Redaktørforening på Oslo Media House torsdag morgon.

Med i debatten var talsperson for mediemeldinga, Tage Pettersen (H), og Fred Gjestad, Bjørn Kristoffer Bore, Kjersti Sortland og Grethe Gynnhild-Johnsen frå bransjen.

– Meldinga blandar òg saman det som er politikk og faglege spørsmål. Momsfritaket står fast, og det er bra. Produksjonsstøtta til lokalaviser går etter opplagstal og den slags, men det står ingenting om kor viktig det er å halda oppe dei meiningsberande avisene, sa Giske.

– Det skal ein overlate til eit medieråd. Det er eit djupt politisk spørsmål kor viktig det er å halda oppe dei meiningsberande avisene. Å flytte dette til eit medieråd manglar grunngjeving.

 

– Nasjonale kvite flekkar

Grethe Gynnhild-Johnsnen og Bjørn Kristoffer Bore.

Giske fekk støtte av Vårt Land-redaktør Bjørn Kristoffer Bore.

– Mediestøtterådet var det som gjorde meg mest bekymra. Intensjonen var god, men det trengst ikkje. Det minna meg litt om kulturrådet som fordelte støtte til uliike vekeaviser, seier han.

Han la til:

– Postlova rammar 13 prosent av opplaget vårt. Når me mistar i produksjonssøttte i tillegg er det mykje. Det gir mykje uføreseielegheit.

Både Bore og Giske er uroa over framtida til dei meiningsberande, nasjonale, nisjemedia som til dømes Dagen, Vårt Land, Nationen og Klassekampen.

– Skal gi mindre til dei riksdekkjande nisjeavisene, vil me få fleire nasjonale kvite flekkar. I meldinga står det at dersom dei skulle oppstå, har me NRK. Eg trur aldri at dei kan kunne skrive dei same leiarane som til dømes Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk. Meldinga seier indirekte at ein kan få «tematiske kvite flekkar» i i Norge, sa Bore.

Kritisk til nisjeavisene

Kjersti Sortland, sjefredaktør i Asker og Bærum Budstikke, var kritisk til at aviser som Vårt Land har vore for lite omstillingsvennlege for å møtekoma endringane i postdistribusjonen.

– Når masjonale nisjemedium baserer seg på papirdistribusjon, og trur på det, når me så lenge har visst kva retning det går med Posten, er det eit døme på at planøkonomi har sine avgrensingar.

Tage Pettersen (H).

 Tage Pettersen i Høgre sa sjølv at han tykkjer mediemeldinga er god, og at dei no skal gjera den endå betre.

– På mange område er meldinga veldig god. No ligg den hos oss på Stortinget, og då skal me bidra til at den vert endå betre, seier han.

– Det er vanskeleg å lage ei melding som gjer alle nøgd, sa han innleiingsvis.

Vidare drøfta han store utfordringar dei tradisjonelle mediene står overfor i dag.

– Den oppveksande generasjonen fokuserer i stor grad på veldig mykje anna. Resett på den eine sida, og Sophie Elise på den andre sida, sa han.

 

Fred Gjestad, ansvarleg redaktør/dagleg leiar Raumnes.

Vil ha meir samarbeid

Fred Gjestad, Raumnes-redaktør, er på si side veldig nøgd med mediestøttemeldinga som vart lagt fram i Drammen i slutten av mars.

– Som lokalavisredaktør er me nøgd med at det vert meir satsing. Endeleg får me statusen dei fortener. Me er til stades i veldig mange ulike lokalsamfunn. Raumnes har 50 % husstandsdekning i vårt nedslagsfelt, så å bruke meir midlar og støtte på å gjere viktig journalistikk på lokalmiljøet betyr veldig mykje for oss. Dei pengane vil gå rett inn i god journalistikk.

Han fortel at dei har eit opplag på dryge 5.000.

– Eg håpar at me kan samarbeide meir på tvers av mediene. Det er ting som er for stort for ei lokalavis å ta. Eit godt døme på det er då me samarbeidde med NRK om å gjennom alle dommane i Tingretten.

Grethe Gynnild-Johnsen, redaktør for mediemangfald og samarbeid i NRK, uttrykte skepsis overfor den nye finansieringa av NRK ettersom lisensen skal skrotast og gå inn på skattesetelen.

– Det er ingen hemmelegheit at me i NRK ynskjer ei finansiering med meir direkte relasjon til publikum. Då fekk me meir kjensle av at publikum sette pris på oss. Det viktigaste er likevel føreseielegheit.

– Konkurransevridande

Bore i Vårt Land meiner mediemeldinga ikkje svarar på dei store utfordringane bransjen stor overfor.

– Det me er best bekymra for er at mediemeldinga ikkje svarar på hovudutfordringa, at heile bransjen slit. Det er ikkje berre Raumnes og Vårt Land som står for viktig journalistikk. Ingenting her hjelper heile bransjen. Det er ingen svar på hovudutfordringa, og det er det eg er mest bekymra for.

Bjørn Kristoffer Bore og Kjersti Sortland.

Tidlegare har det òg vore kjent at Dagbladet skal søkje pressestøtte.

– Dei gjekk med 80 millionar i overskot i fjor, så då kan me jo spørje oss om dei er dei mest trengande, sa Bore – som inntil nyleg var redaksjonssjef for Dagbladet Pluss.

Sortland i Budstikka hadde òg meiningar om korleis mediestøtta bør fordelast.

– Eg trur det kan vere konkurransevridande om ei riksdekkjande avis får penge for støtte for å etablere verksemder, som til dømes om Dagsavisen etablerer Dagsavisen i Fredrikstad der det finst aktørar frå før. Då er det ikkje lenger fri konkurranse. Alt som er konkurransevridande er eg skeptisk til.

Powered by Labrador CMS