Redaktør i Stord24, Jonas Sætre og innsynsportalen til Stord kommune.

Debatt

Tusenvis av offentlege dokument er blitt skjult frå offentlegheita. Det er heilt uakseptabelt

«Langvarig rutinesvikt har ført til at tusenvis av offentlege dokument i Stord kommune er blitt skjult frå offentlegheita. Det er heilt uakseptabelt», skriv Jonas Sætre, redaktør i Stord24.

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • JONAS SÆTRE, redaktør i Stord24. Kommentaren vart først publisert på Stord24.no, og er attgjeve etter avtale.

Nokre av dei beste kvalitetane med det norske samfunnet er openheitskulturen og tilliten innbyggjarane har til dei som er sett til å forvalte dei offentlege ressursane.

Me har ei rekkje lovar som det offentlege må forhalde seg til dagleg, som skal sørgje for at denne tilliten ikkje blir broten. Slik som offentleglova, forvaltningslova og arkivlova.

Innsyn i den offentlege sakshandsaming er ei elementær berebjelke i det norske lokaldemokratiet.

Difor er eit kvart brot på desse lovane ikkje berre eit brot på ein tilfeldig paragraf, men det er eit brot på samfunnskontrakten mellom innbyggjarane og styresmaktene.

Då Arkivverket i vår gjennomførte tilsyn i Stord kommune avdekka dei ei rekkje manglar. Dei peika på langvarig rutinesvikt, som til dømes har ført til at fleire tusen offentlege dokument aldri har blitt journalført.

At nær 6000 offentlege dokument i Stord er halde utanfor offentleg innsyn er difor eit alvorleg brot på samfunnskontrakten mellom innbyggjarane på Stord og dei tilsette i Stord kommune.

Kvar dag går me i Stord24 gjennom postlista på Stord kommune for å leite etter viktige og interessante nyheitssaker i lokalsamfunnet. Jamleg fører dette til at viktige saker kjem fram i lyset.

Når me no får vite at det er tusenvis av offentlege dokument som me aldri har fått høve til å få innsyn i, er dette alvorleg. Det er alvorleg fordi det har etter alt sannsyn har ført til at det er fleire viktige nyhendesaker som ikkje har kome fram i lyset.

Vidare så er saka alvorleg fordi me ikkje kan vite årsaka til kvifor så mange dokument er halde vekke frå postlista.

Sannsynlegvis skuldast det ressursmangel. Men likevel er det heilt relevant å stille seg spørsmålet: Har det skjedd tilfelle der ein sakshandsamar eller leiar i kommunen med vit og vilje har lete vere å journalføre eit dokument fordi det stiller kommunen i eit dårleg lys?

Det er det umogleg for Stord kommune å svare heilt sikkert på. Hadde rutinane vore i orden slik at alle dokument hadde blitt journalført, slik lov krev, hadde ein slik praksis fort blitt avdekka. Men når det allereie er tusenvis av dokument som ikkje er journalført, kven vil merke eit ekstra dokument frå eller til?

Rådmann Magnus Mjør seier til Stord24 at dei tek saka på alvor og at dei no går gjennom pålegga frå Arkivverket for å rette opp att alle avvika. Kommunen har nyleg tilsett ein ny arkivleiar som har fått ansvar for nettopp dette. Det er positivt.

Samtidig har denne saka ført til at Stord kommune fått ei stor ripe i lakken når det gjeld openheitskulturen. Det er ikkje noko som kan rettast opp i over natta.

Kommunestyret og kontrollutvalet i Stord kommune bør følgje opp denne saka. Det fortener innbyggjarane på Stord.

Powered by Labrador CMS