Tuva Raanes Bogsnes, kommunikasjonssjef i Flyktninghjelpen.
Tuva Raanes Bogsnes, kommunikasjonssjef i Flyktninghjelpen. (Foto: Mimsy Møller / Samfoto)

FOLK

Tuva Raanes Bogsnes er ny kommunikasjons­sjef for utviklings­minister Dag-Inge Ulstein

Tuva Raanes Bogsnes blir også nestleiar for kommunikasjonsavdelinga i Utanriksdepartementet. Ho vart utnemnd i Kongen i statsråd fredag.

– Eg er kjempeglad for å ha fått tilliten og gler meg til å formidla saker som eg håpar norsk presse gir plass til – ikkje minst i desse koronatider, kor det er dei fattigaste som blir hardast råka av krisa.

Det seier Tuva Raanes Bogsnes til Medier24, timar etter at ho er utnemnd som ny kommunikasjonssjef for utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) og nestleiar for kommunikasjonsavdelinga i Utanriksdepartementet.

Ho kjem frå stillinga som kommunikasjonssjef i Flyktninghjelpen.

Det er enno ikkje avklart når ho tiltrer.

– Eg har jobba med formidling av utanrikssaker i alle jobbar eg har hatt – sidan eg jobba som journalist i Dagbladet og TV 2, seier ho til Medier24.

Raanes Bogsnes legg til:

– Eg ser på det som eit spanande oppdrag å få jobba med politisk leiing i det same feltet eg har jobba med tidlegare.

Til toppen