Til venstre er Lars (28) som utgir seg for å sjå ut som TV 2-kommentator Mathias Fischer. Til er Fischer ved eit tidlegare høve.

TV 2-kommentator Mathias Fischer misbrukt på Tinder

– Dersom det er ein som trur han får fleire match av å bruke bilete av meg, kjem han nok til å bli skuffa, seier Mathias Fischer til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Om du nyleg har vore på jakt etter draumemannen på dating-appen Tinder i Oslo-området, har du kanskje snubla over ein Lars (28), som liknar påfallande mykje på TV 2-kommentator Mathias Fischer.

Når Medier24 tek kontakt med Fischer tysdag morgon kan han stadfeste at det ikkje er hans konto – men nokon som har brukt hans bilete utan løyve.

– Dersom det er ein som trur han får fleire match av å bruke bilete av meg, kjem han nok til å bli skuffa, seier Fischer til Medier24. 

– Han er ein kjekk mann

Ikkje er Fischer singel heller. Den tidlegare Bergens Tidende-kommentatoren er forlova med Guro Valland, som er ansvarleg for redaksjonell innsikt i Dagens Næringsliv.

Lars (28) latar som om han ser ut som Mathias Fischer i TV 2.

– Har du informert dama di?

– Ho har passordet mitt til Medier24, så no veit ho det, seier Fischer.

Valland fortel til Medier24 at ho har forståing for at kjærasten hennar vert misbrukt i dating-appen.

– Dette er sjølvsagt ikkje greitt, men eg har forståing for bruken. Han er ein kjekk mann.

Fischer seier vidare at han skal venda seg til Tinder for å få bukt med problemet.

– Eg får gjera eit forsøk. Men eg har no ikkje særleg tru på at det vil endra noko, seier han.

– «Fake news»-blogg i mitt namn

Det er ikkje første gang Fischer, eller andre TV 2-tilsette, vert nytta i «svindelgreier», ifølgje vestlendingen.

– Sånt som dette skjer mykje for tida. Mange TV 2-kollegaer har vore misbrukt i svindelgreier. Det er ikkje mogleg å ha kontroll på kor eit bilete hamnar, seier han.

Fischer held fram:

– Eg har oppleve at ein kødd laga ein «fake news»-blogg og nytta mitt namn som byline. Det tok ein del sinte meldingar før han skjerpa seg.

Mathias Fischer er politisk kommentator i TV 2.

– Men, men. Det er no berre Tinder. Så lenge min forlova ikkje trur det er meg, skal eg nok overleva.

– Er det smigrande eller ubehageleg?

– No spør du godt. Kanskje mest smigra. Eg anar ikkje kva som har skjedd, om dette er ein bot eller kva. Men eg likar tanken på at nokon har googla namnet mitt, lasta ned eit bilete og lasta det opp. Det er jo nokre sekund av ein person sitt liv. Så det er litt smigrande.

– Bruker millionar av dollar på å forhindre

Medier24 har sendt ein førespurnad til Tinder tysdag morgon – førebels utan å få svar. Denne saka vil bli oppdatert med kommentarar frå det amerikanske selskap dersom det kjem.

NRK 5. mai lagde ei sak på Martine Ott Haavi som fekk sin ID misbrukt på Tinder, svarte Tinder at det bryt med deira retningslinjer, og at brukarane som gjer det vert fjerna frå deira plattform.

«Vi bruker et nettverk av industriledende automatiske og manuelle modereringsverktøy og bruker millionar av dollar på å forhindre, overvåke og fjerne upassende oppførsel fra vår applikasjon», skreiv Tinder til NRK.

Powered by Labrador CMS