Første veke med TV 2 sin @tv2folk-konto er det Linn Marie Wiik som styrer showet.
Første veke med TV 2 sin @tv2folk-konto er det Linn Marie Wiik som styrer showet. (Skjermgrabb: @tv2folk på Instagram.)

TV 2 tek sjåarane med bak kulissane – lanserer @tv2folk på Instagram

– Me ynskjer at journalistane og redaksjonane våre kjem nærare folk, seier nyheitsredaktør i TV 2, Karianne Solbrække.

Måndag denne veka hadde TV 2 «premiere» på si nye Instagram-satsing, @tv2folk, kor dei tek vener, familie – og andre sjåarar – bak kulissane til kanalen.

Karianne Solbrække, nyheitsredaktør i TV 2. Foto: Ole Gunnar Onsøien

– Dette er tenkt som ein uformell kanal for folk som er nyfikne på korleis me jobbar på TV 2 Nyhetene. Primært ynskjer me at journalistane og redaksjonane våre kjem nærare folk, seier Karianne Solbrække, nyheitsredaktør i TV 2, til Medier24.

Dei fleste oppdateringane skjer i Story-funksjonen på Instagram, kor bilete eller video ligg i 24 timar før dei forsvinn. Men også premanente innlegg vert delt på kontoen.

 

– Ikkje så «glossy» og glamorøst som ein trur

Denne veka er det den profilerte journalisten Linn Marie Wiik som viser fram arbeidskvardagen sin. Ho har lagt ut bilete av både innspeling frå «Snakk med Linn Wiik», politikarbesøk på Stortinget og videosnutar frå toppleiarane i TV 2 med mellom andre Olav Sandnes.

Til Medier24 seier Wiik:

– Det skal vere ekte, gøy og veldig lite sjølvhøgtideleg. Uansett kva slags rolle på huset folk har, gjer ein ting i løpet av ei veke som det kan vere interessant å få eit lite innblikk i. Arbeidskvardagen i TV er ikkje så «glossy» og glamorøs som mange kanskje har inntrykk av. Det trur eg det er fint å få fram. I tillegg oppdaga eg sjølv kor morosam jobb eg har.

TV 2s Linn Marie Wiik. Foto: TV 2

– I løpet av veka har eg sett meir pris på ting ein kanskje tek litt for gitt etter å ha hatt denne jobben nokre år. I går var eg til dømes på Stortinget heile dagen, og snakka med de fleste partileiarane. Då eg la ut små augneblink frå alt som skjedde vart eg minna om kor privilegert eg er som har denne jobben, legg ho til.

 

Vil vise kven dei er

Solbrække håpar dette kan vere med på å byggje bru mellom TV 2 og sjåarane.

– Ein del av strategien til TV 2 Nyhetene er at me skal bli meir tilgjengelege for folk. Det handlar om truverdet, at journalistar blir lett sett på som arrogante og at me ikkje forstår kvar folk flest er opptekne av. Eg har tidlegare sagt at me skal ned frå nyheitstrona. Me skal ikkje bli dårlegare, men me skal plukke av oss det opphøgde språket. Me er menneske, som brenn for oppdraget vårt, og som verkeleg er oppteken av å gjere ein god jobb til det beste for folk – mot makta. Det er i kjernen av journalistikken, seier ho til Medier24.

Ho er oppteken av transparents, og ynskjer med dette å vise både kjende og ukjende korleis redaksjonen jobbar til dagleg.

– Eg er opptekne av at me skal vere transparente og invitere folk inn for å vise korleis me jobbar, og kven me er, seier ho vidare.

Til toppen