Gudbrandsdølen Dagningens kontor i Lillehammer.

Vegar Strand sluttar som administrerande direktør i GD

Gudbrandsdølen Dagningen går frå toleiar- til éinleiarmodell. Vegar Strand går av som sjef. Det er ikkje avgjort kven som tek over.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Berre 13 månadar etter at tidlegare økonomisjef i Gudbrandsdølen Dagningen, Vegar Strand, vart tilsett som administrerande direktør, varslar han måndag sin avgang i ein intern e-post Medier24 har sett.

Ifølgje Strand går avisa frå ein struktur med to toppleiarar – Strand som administrerande direktør og Kristian Skullerud som ansvarleg redaktør – til éin mann på toppen.

Strand held fram ut mai.

– Sluttar raskare enn venta

Vegard Strand ynskjer ikkje å kommentere oppseiinga overfor Medier24, og viser til styreleiar Thor Svegården.

Redaktør Skullerud har ikkje svart våre henvendingar. Det har heller ikkje Halvor Torgersrud, representant for klubben og styret i GD.

Svegården i GD seier følgjande til Medier24:

– Har sagt opp. Me kjem til å gå for ein éinleiar-modell, men me har ikkje sagt på kva tidspunkt. No sit Strand ein periode til, så det er stadig ein toleiarmodell. Me ser når me kjem til slutten av mai.

– Endringane har lege i strategidokument frå november. Så vert det annleis når han no sluttar raskare enn venta, legg han til.

– Har det skjedd noko i forkant av oppseiinga?

– Eg oppfattar ikkje at det er noko som har skjedd, men at er ei erkjenning av at utviklinga som skjer gjer at det ikkje er rom for ein toleiarmodell når det gjeld både oppgåver eller økonomi, seier Svegården.

 

– Skullerud er aktuell

Svegården seier dei ikkje har konkludert med kven som overtek toppleiaransvaret.

Ansvarleg redaktør Kristian Skullerud i Gudbrandsdølen Dagningen.

På spørsmål om Skullerud tek over, svarar han:

– Oppseiinga kom fredag, så det ikkje er trekt ein konklusjon. Skullerud er ein aktuell kandidat, men det me må vurdere seinare.

Den nye sjefen vil altså få ansvar for både det redaksjonelle og det kommersielle, som både administrerande direktør og sjefredaktør.

Svegåden seier dei ikkje har bestemt seg for om dei skal lyse ut ny stilling.

Powered by Labrador CMS