For litt sia dukka denne saka opp i VG - på nynorsk.

Verdas tyngste kvinne fekk letta på nynorsknekten i VG. Gard Steiro lovar oppmjuking og vil gjere avisa «mindre gørrkjedeleg»

– Eit historisk gjennombrot, seier nynorskjournalist. – Inga radikal endring, understrekar VG-redaktør.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Fredag 10. mars publiserte VG ein artikkel om Eman Ahmed frå Egypt som har fått eit betre liv etter ein fedmeoperasjon.

Som sådan ei nokså vanleg sak frå ei av landets største aviser, men det var ein forskjell: Ho var skriven på nynorsk.

– Eg trur dagen kan bli ståande som ein viktig dag viss det viser seg at dette er eit brot på den publiseringpolitikken som VG har hatt, som har handla om å sensurere bort nynorsk frå spaltane sine i mange år.

– Det sender eit signal om at 132 år etter at Stortinget vedtok at nynorsk og bokmål skal vere jamstilte språk i Noreg, så byrjar vi no å nærme oss denne realiteten, seier Jens Kihl - nynorskjournalist i Klassekampen og nestleiar i Noregs Mållag.

Jens Kihl, journalist i Klassekampen og nestleiar i Noregs Mållag.

– Og så sender det signal om eit samfunn som ikkje ønskjer seg språksensur, men meiner at språkleg fridom i dei store riksavisene er bra.

– Kva tenkjer du om at Gard Steiro får dette gjennom etter kun få månader i sjefsstolen? 

– Det fortel at han er ein modig mann. Og så fortel det at viss det var så lett så er det berre for gjengen i Dagbladet, Aftenposten, Dagens Næringsliv og dei andre store riksavisene å kome etter. Då er vi der at det berre er å gjere det, rett og slett.

  

– Kun ei oppmjuking

Steiro på si side presiserer at dette kun er ei oppmjuking av språknorma i VG, der konservativt bokmål framleis er standarden.

– Men vi går noko meir liberalt inn i det, og kjem til å opne for meir nynorsk. Det gjeld primært debattinnlegg, kommentarar og kronikkar. Men også i annan journalistikk, viss det opplevast som naturleg og riktig.

– Eg opplever ikkje dette som noko radikalt val i det heile tatt, men som ein heilt naturleg konsekvens av den posisjonen VG har i Noreg i dag. Vi er den heilt klart største nettstaden i Noreg, og har som ambisjon å dekkje heile landet. Store delar av landet brukar nynorsk, då er det naturleg å ta høgde for det, seier Steiro. 

Men nynorskentusiastar landet rundt ikkje treng å sleppe jubelen laus heilt endå: 

– Den store majoriteten av alt som blir laga i VG har vore på bokmål, og kjem også til å vere det i framtida. Men det har nesten vore uttalt at det ikkje skal vere nynorsk i VG, og det justerer vi noko no. Viss dei som skriv og brukar nynorsk set pris på det er vi sjølvsagt glad for det. Men det kjem nok ikkje til å bli veldig mange artiklar på nynorsk.

Ville sjå reaksjonane

–   Dette var jo verken eit innsendt debattinnlegg, ei sak som handla om nynorsk eller om Jon Fosse. Kvifor var akkurat denne saka på nynorsk?  

– Det var fordi vi var interesserte i å sjå reaksjonane vi fekk når vi hadde ein heilt ordinær artikkel på nynorsk. Vi fekk nesten berre positive reaksjonar på det, det kom iallfall ingen klager til meg. Men det var ikkje veldig mange reaksjonar, eg trur ikkje dette vert oppfatta så radikalt av lesarane. Mange av lesarane våre er vane med å lese nynorsk i andre medier.

Er ikkje det ein grunn til å fortsetje?

– Jo, for så vidt. Men VG har ein tradisjon for å vere på bokmål, majoriteten av lesarane våre både les og skriv bokmål og er mest vane til det. Dette er av hensyn til lesarane, og det er det som kjem til å vege tyngst når vi tek slike val framover. 

Til trass for lite klager, vil ikkje Steiro la journalistane sine skrive nynorsk om det er målforma dei føretrekk.

– Ikkje som hovudregel. Det som er viktig for journalistane i VG er å tilpasse dette til lesarane, og då er det ikkje slik at det er den enkelte journalist sin preferanse som er det viktigaste.

 

Skal gjere VG mindre «gørrkjedeleg»

I samband med Ivar Aasen sin 200-årsdag i 2013 var heile Bergens Tidende på nynorsk då Steiro var sjefredaktør. Då skreiv han følgande i ein kommentar: «Til skilnad frå osloavisene, som språkleg sett er like gørrkjedelege som ein Ikea-katalog, er BT open for nynorskbrukarar. Vi er språkliberale.»

– Er dette eit steg mot å gjere VG litt mindre gørrkjedeleg?

– Det skal vi gjere på mange måtar. Eg set pris på nynorsk og tykkjer det er ein berikelse å lese både bokmål og nynorsk, men eg skal også ta hensyn til alle dei lesarane som ønskjer og forventar at VG fortsatt skal vere ei bokmålavis. Det er ein balansegang. 

VG-journalist Jostein Matre var den som skreiv saka om den egyptiske kvinna og fedmeoperasjonen. Han er glad for alle dei positive tilbakemeldingane, og er nøgd med oppmjukinga Steiro no byr på. 

– Eg synes det er ein god ting. Det er mange av våre lesarar som har nynorsk som sitt hovudmål, og eg trur ikkje dei som ikkje har det tek skade av å lesa litt nynorsk iblant.

– For min del måtte VG gjerna ha opna for enda meir nynorsk, men dette er ingen kampsak for meg. Eg har jobba i avisa i elleve år og utelukkande skrive bokmål. Eg overlever nok å gjera det framover òg, seier Matre. 

  • For ordens skyld: Frilansjournalist Hannah Kolås jobber til daglig som reisesekretærNorsk Målungdom, ungdomsorganisasjonen til Noregs Mållag.
Powered by Labrador CMS