Skjermbilete av Twitter-videoen som viser elevar ved Covington Catholic og Nathan Phillips.

Rasar mot ukritisk dekning:

– VG, TV 2 og NRK tok overhovudet ikkje innover seg andre perspektiv

Fleire medier skreiv søndag om skuleelevane som hånte, hetsa og sjikanerte urfolk. Ny video av episoden viser at det ikkje nødvendigvis er tilfellet.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Journalist og kommentator i Minerva, Jan Arild Snoen, reagerer sterkt på mediene si framstilling av møtet mellom amerikanske skuleelevar ved Covington Catholic og urbefolkninga, med Vietnam-veteran Nathan Phillips, i spissen.

– Dei presenterer tre fullstendig einsidige historier, som utelukkande er på premissane til Nathan Phillips, seier Snoen til Medier24. Han skriv òg fast for Aftenposten si spalte Medierevisjonen.

Han skreiv nemleg måndag morgon ein kommentar på Minerva kor han kritiserte TV 2, NRK og VG si framstilling av saka. Det same gjorde kommentator og mediekritikar, George Gooding, for Nettavisen.

  • Til orientering: VG, TV 2 og NRK publiserte alle nye saker i løpet av måndag, kor dei nyanserte dekninga.

Einsidig dekning

«Viral-video: USA-ungdom i Trump-caps hånet urfolk», står det i ein VG-artikkel som vart publisert søndag ettermiddag.

«Veteran hetset av skoleelever i USA», skreiv NRK søndag morgon.

Frå øvst til nedst: VG, NRK og TV 2.

«Idet de to gruppene møtes, begynner den store guttegjengen å mobbe urfolkene med tilrop og herming. Mange av dem har på seg caps med Donald Trump sitt favorittslagord «Make America Great Again», sa TV 2-reporter Øyvind Bogen i ei sak som vart sendt på 18:30-sendinga til TV 2 søndag kveld.

Alle sakene handlar om dei amerikanske skuleungdommane med Donald Trump-capsar som tilsynelatande omringar Vietnam-veteran og medlem av Omaha-stamma, Nathan Phillips, som markerte den årlege «Indigenous Peoples March» i Washington.

Både i tradisjonelle og sosiale medier hagla kritikken mot ungdommane, og spesielt personen som står og gliser i ansiktet på Phillips. Av CNN er Phillips sitert på at han var redd, og at han ynskja å komma seg unna ungdommane.

Nyansar

Ein ny video viser likevel at det var nettopp han som oppsøkte ungdomsgjengen, og ikkje omvendt.

– Mediene tek overhovudet ikkje innover seg andre perspektiv. Dei skriv at han vart omringa av desse ungdommane. Det er ikkje riktig. Phillips gjekk jo bort til dei, og det har han stadfesta sjølv etterpå, seier Snoen til Medier24.

– Her har dei berre teke ei sak som har versert i amerikanske medier – utan å sjekke – heilt ukritisk, seier han vidare.

Jan Arild Snoen. Bilete frå 2009.

– Nokre meiner dette er symptomatisk for norske medier si dekning av Donald Trump og hans veljarar. Er du einig i det?

– Det trur eg, og det har òg skrive om tidlegare. Det er ei tendens som rammar oss alle. Det er lettare å akseptere – utan å sjekke – historier som stemmer med eit bilete ein har frå før. I dette tilfellet er det snakk om Trump-tilhengarar. Fordi mange av dei har Trump-hattar, og kjem frå ei anti-abort-marsj, kan ein lett kategoriserer dei i gruppa «kvite rasistar», seier han, og legg til:

– Derimot vil ei kjelde som er aktivist for ein minoritet fort ha sympatien på si side. Det kan vere grunnen til at det skjer.

Han meiner saka vert ekstra alvorleg i og med at det er ungdommar, som ikkje er myndige, som får kjenne på mediepresset etter opptrinnet som fann stad i helga.

– Ja, det er det, men det er først og fremst amerikansk presse som får ta det. At det vert formidla vidare i norsk presse er ikkje ein ekstra belastning. Det er ei følgjefeil.

 

NRK rettar

Måndag ettermiddag publiserte NRK ei ny sak, og skreiv mellom anna at «et nytt klipp viser at mange trolig har tatt feil om hva som skjedde». VG oppdaterte – og nyanserte – si sak seint måndag kveld, og det same gjorde TV 2 i 18:30-sendinga måndag.

Espen Olsen Langfeldt, i NRK, seier følgjande til Medier24:

– No har det kome fleire videoar, og no har dette blitt ei sak som minner oss om at ei sak har fleire sider og vinklar. Dette har me – i motsetnad til mange andre – vore tydelege på, og fronta den meir nyanserte versjonen i dag. I tillegg har me skrive ei retting i den første saka.

Espen Olsen Langfeldt, redaktør for Direkte i NRK.

Heilt fram til 16:10 var tittelen på saka «Veteran hetset av skoleelver i USA». Då Medier24 snakka med Olsen Langfeldt var det framleis tittelen – sjølv etter at dei publiserte sak nummer to. Om det seier Olsen Langfeldt:

– Det må me gå inn og vurdere. Om ein ser på videoen så er det ikkje nødvendigvis at det er så svart-kvitt.

Etter at fleire har teke kontakt med NRK, endra dei tittelen til «Veteran hevdet han ble hetset av skoleelever i USA», med ei retting øvst i saka. Det skjedde like etter intervjuet med Medier24.

 

Utfordrande å jobbe objektivt

Snoen trur at Donald Trump vil triumfere på korleis saka har blitt dekka av amerikanske medier.

– Det me no ser i USA er at me får ei «backlash» mot dekninga. Særleg hos konservative medier – men ikkje berre der. Det byggjer oppunder Trump si historie om upålitelege medier. Ein forsterkar ei mistru til vanlege medier, seier han.

Om det seier Olsen Langfeldt:

– Eg kan seie det slik at det er ei utfordring for ei samla presse å jobbe så objektivt så mogleg – òg opp mot Trump-tilhengarar eventuelt.

– Har de lærd noko av denne saka?

– I all god journalistikk så er det ein stor fordel å halda seg til fleire kjelder.

Nyheitsredaktør i VG, Tora Bakke Håndlykken, har ikkje hatt høve til å kommentere saka måndag. Det har heller ikkje Karianne Solbrække i TV 2.

Powered by Labrador CMS