VETLE MIKKELSEN, student og aktivist og LUCA DALEN ESPSETH, transaktivist.

Debatt

Vi meiner Rowling spreier usanningar og konspirasjons­teoriar om trans­folk

DEBATT: Vetle Mikkelsen og Luca Dalen Espseth svarer Jan Bojer Vindheim.

Denne artikkelen er over to år gammel.

Media har dei siste vekene vore prega av debatt rundt transfolk sine liv og rettar, i tillegg til ein metadebatt – ein debatt om debatten. Blant dei som har engasjert seg er Jan Bojer Vindheim.

Vindheim kritiserer i sitt innlegg den skeive rørsla på fleire punkt. Blant anna er han kritisk til at den skeive rørsla går hardt ut mot JK Rowling i staden for, for eksempel, den polske presidenten Andrzej Duda, som meiner LHBT-forkjemparar høyrer heime i fengsel. Liknande argumentasjon finn ein blant antifeministar i Vesten, som meiner at ein ikkje bør legga så stor vekt på problema her heime, når det finst større problem i andre verdsdelar. Det er flott at Vindheim bryr seg om skeive i Polen, det gjer også den norske skeive rørsla, men det må vera mogleg å ha to tankar i hovudet på ein gong.

J.K. Rowling og Jan Bojer Vindheim, som er debattant og aktivist.

Organisasjonen FRI, den største organisasjonen for skeive i Noreg, jobbar aktivt for å betra liva til skeive i Noreg og over heile verda. Internasjonal solidaritet er ein hjørnestein i den skeive rørsla – ingen er fri før alle er frie. Vindheim har likevel rett i at vi har sett meir JK Rowling enn Andrzej Duda i debattspaltene dei siste vekene. Kvifor er det slik?

Svaret er enkelt: JK Rowling har større kulturell innverknad i Vest-Europa og Nord-Amerika, enn det Duda har. Ho har skrive nokre av verdas bestseljande bøker, har 14.3 millionar følgarar på Twitter og blir lytta til i Vesten på ein måte Duda ikkje blir. Duda sin homofobi påverkar i størst grad hans eigne innbyggarar, og dette må vi naturlegvis problematisera og kritisera. Når JK Rowling spreier usanningar og konspirasjonsteoriar om transfolk vil det derimot, på grunn av den store plattforma hennar, kunna ha ein effekt på liva til transfolk i mange ulike land. Det er derfor vi bruker tid på å kritisera Rowling.

Vidare skriv Vindheim om lovendringa i 2016, som gjer at folk i Noreg står frie til å endra juridisk kjønn til det kjønnet dei sjølv føler seg mest heime i – innanfor ein tokjønnsmodell, vel å merka. Han skriv at «biologisk kjønn avskaffes som kategori og erstattes med opplevd, eller psykologisk kjønn», og følger dermed Rowling sin argumentasjon langt på veg. Rowling tar det eitt steg lenger, og påstår at transrørsla forsøker å fjerna både biologisk kjønn og kategorien «kvinne». Dette er å sjå spøkelse på lyse dagen. Lovendringa i Noreg, og den føreslåtte endringa i Skottland, som Rowling kritiserer, handlar om juridisk kjønn. Biologiske kjønnskarakteristikkar vil halda fram med å eksistera, og ciskvinner vil halda fram med å vera kvinner; det same gjeld transkvinner.

Omgrepet ciskvinne blir òg problematisert i Vindheim sitt innlegg. «Kvinner som alltid har vært kvinner, er ikke lenger bare kvinner, de er blitt cis-kvinner», skriv Vindheim. Omgrepet «cis» er eit omgrep som skaper ubehag for mange i den transkritiske leiren. Dei føler seg ikkje heime i omgrepet ciskvinne, dei ser berre på seg sjølv som kvinner. Cis gjer likevel ikkje ciskvinner mindre kvinnelege, på same måte som trans ikkje gjer transkvinner mindre kvinnelege. Cis og trans er ganske enkelt omgrep som blir brukte for å snakka om folk som kjenner seg heime i kjønnet dei fekk tildelt ved fødsel, og folk som ikkje gjer det. Skal ein ha eit omgrep for trans, treng ein nemleg eit omgrep for det motsette.

Slike språklege omskrivingar, som Vindheim kallar dei, er ikkje noko nytt. Omgrepa «heteroseksuell» og «homoseksuell» blei til dømes konstruerte på 1800-talet, fordi ein trong vitskaplege omgrep for å referera til ulike seksuelle praksisar hos menneska. Det same gjeld cis og trans, berre at det her er snakk om kjønn og ikkje seksualitet.

Når det gjeld hets og truslar mot Rowling er vi naturlegvis heilt einige med Vindheim: Hets, personangrep og drapstruslar er ikkje akseptable i samfunnsdebatten. Det er likevel talande at folk heng seg opp i anonyme kommentarar på Twitter. Det vitnar om ei manglande forståing av korleis stoda er på nettstaden, der truslar og hets dessverre er dagleg kost for mange. At Rowling får hets er kjipt, men det er ikkje meir synd på ho enn på andre. Ein kan heller ikkje venta at heile transrørsla skal stå til ansvar for kommentarane til nokre anonyme twitrarar.

Mykje av kritikken mot Rowling er likevel rettferdiggjort. Rowling set likskapsteikn mellom kjønnsbekreftande behandling for transfolk og konverteringsterapi for homofile. Ho framstiller òg anerkjenning av transfolk sin kjønnsidentitet som «playing fast and loose with womens and girls’ safety», underforstått at transkvinner er ein fare for ciskvinner. Rowling har òg uttrykt støtte til Maya Forstater, som ikkje fekk fornya kontrakt i den ideelle organisasjonen ho var tilsett i. Forstater var tilsett på årsbasis, og fekk ikkje fornya kontrakten på grunn av transfobiske ytringar på nett, i tillegg til at ho skal ha bidratt til eit giftig arbeidsmiljø. Også Magdalen Berns, som bevisst gjekk inn for å feilkjønna transkvinner på nett, har Rowling uttrykt støtte til.

Rowling er òg bekymra for at transkjønnaheit smittar sosialt, og at unge kan påverkast til å bli trans. Ho siterer ein studie av legen Lisa Littman. Denne studien har blitt kritisert frå fleire hald, fordi den er basert på spørjeundersøkingar retta mot foreldre av transbarn, ikkje retta mot transbarna sjølv. Undersøkingane blei òg spreidde på transkritiske nettsider, så ein kan gå ut ifrå at dei spurde foreldra allereie hadde fordommar mot transfolk. Summen av alt dette gjer at det ikkje burde vera kontroversielt å kalla Rowling ein transekskluderande radikalfeminist – ein TERF. Å kritisera ho for dette, er ikkje å krenka ytringsfridomen hennar, og det er merkeleg at Vindheim ser på TERF som skjellsord, samtidig som han ikkje har noko problem med at transkvinner blir kalla for menn. Her er det òg greitt å nemna at det nettopp var dei transekskluderande radikalfeministane som først nytta TERF-omgrepet.

Det er eit paradoks at transkritikarane roper varsku om mengda folk som ønsker kjønnsbekreftande behandling, samtidig som dei tar til orde for gammaldagse omgrep for kjønn. Om dei verkeleg er bekymra for at folk søker medisinsk behandling som dei kan komma til å angra på, bør dei arbeida for å gjera verda lettare å leva i for menneske som bryt med kjønnsnormene, heller enn å gjera det vanskelegare å få kjønnsbekreftande, og ofte livreddande, behandling.

Powered by Labrador CMS