Bjørnar Tessem ved Universitetet i Bergen tek til orde for nye våpen i kampen mot falske nyheiter.
Bjørnar Tessem ved Universitetet i Bergen tek til orde for nye våpen i kampen mot falske nyheiter. (Foto: Universitetet i Bergen og NTB Scanpix )

DEBATT

Vi treng nye våpen i kampen mot falske nyheiter

«Falske nyheiter spreier seg fortare enn sanne historiar på sosiale medier. Kunstig intelligens kan vere vaksinen», skriver UiB-professor Bjørnar Tessem.

  • BJØRNAR TESSEM, professor ved Institutt for medie- og informasjonsvitskap, Universitetet i Bergen

 

Nylig kunne det renommerte tidsskriftet Science melde at falske nyheiter spreier seg fortare enn sanne historiar på sosiale medier. Dette vert utnytta av illiberale krefter til å destabilisere og skape grobotn for autoritære samfunnsmodellar. Demokratiske samfunn må innovere raskt for å stoppe utviklinga. Kunstig intelligens kan vere vaksinen.

Media er fulle av nyheiter om korona-viruset og Covid-19, om opphavet til sjukdomen, spreiing av viruset og kampen mot sjukdommen. Vi er alle sterkt påverka av dette i kvardagen og sluker slike nyheiter. Denne situasjonen er fruktbar mark for spreiing av idear som at Microsoft-gründeren Bill Gates står bak korona-viruset, eller at pandemien er eit resultat av stråling frå 5G-mobilnettet. For dei fleste opplyste menneske er desse samanhengane heilt utan truverde, men likevel ser dei ut til å spreie seg som virus. Utanriksminister Ina Eriksen Søreide nemnde spesielt falske nyheiter som eit trugsmål mot Europa i sin tale til Stortinget om Noregs tilhøve til EU og EØS.

Korona-pandemien har vist oss kor aggressiv fake news-industrien er, og kor sårbare vi er om vi ikkje er vakne. Nettstader som faktisk.no prøver å motverke dette ved å forklare kvifor slike nyheiter ikkje er sanne. Likevel ser vi at óg seriøse media innimellom bit på og spreier falske nyheiter.

Dette er, som i den kontinuerlege kampen mot mikrobar, eit kappløp der berre jamleg forsking vil gjere det mulig å halde følgje. MediaFutures er eit initiativ for forskingsbasert innovasjon der Universitetet i Bergen og store aktørar i den norske mediebransjen har ambisjonar om blant anna å utvikle teknologiar for å handtere falske nyheiter. Den kompetansen UiB har i kunstig intelligens-baserte analysar av bilde, video og språk er akkurat det kunnskapsgrunnlaget som trengs for å hjelpe mediebransjen og oss alle mot trusselen frå falske nyheiter.

Utviklinga går mot at ulike, særs avanserte former for innhald vert generert automatisk. Kunstig intelligens-teknologien har muliggjort såkalla deepfakes, som er bilde og videoar som ser ut til å vere reelle, men som eigentleg er automatisk konstruert ved hjelp av såkalla djuplærings-algoritmar. Ein variant er at to djuplærings-system konkurrerer mot kvarandre. Det eine genererer naturtru bilde eller videoar, det andre diskriminerande systemet avslører at falske bilde eller videoar. Det diskriminerande systemet må etter kvart bli flinkare til å skilje mellom ekte og falske bilde. Det generative systemet må lære seg å lage stadig meir naturtru bilde. Etter ei stund vil bilda vere så naturtru at det nesten ikkje er råd for menneske å sjå forskjell. Vi må fort stole på eigne maskinlærte system for å avdekke slik juks.

Liknande algoritmar kan óg brukast til å masseprodusere tekstar som verkar som nyheiter eller meiningar, utan at dei har noko grunnlag i verkelegheita. Så vi treng meir i tillegg til maskinlæringsteknikkar i kampen mot falske nyheiter. Vi må ha tilgang til algoritmar som kan samanhalde ein tekst med verifisert kunnskap og forklare kva som er gale. Vi må utvikle automatiske faktasjekkarar som trekk ut påstandar frå kjelder ved hjelp av språkanalyseteknikkar, samanheld dei med truverdige kjelder og brukar sannsynsbaserte teknikkar til å vurdere om innhaldet er sant. Men skal vi lukkast i dette våpenkapplaupet, treng vi meir forsking, og det bør skje i Noreg.

Til toppen