Til venstre: Skjermdump av Dagbladet-fronten måndag. Til høgre er nyheitsredaktør Frode Hansen i Dagbladet.

– Viktig å ikkje gøyme den terrorsikta bak ansiktslause skildringar

Norske aviser var kjappe å tapetsere fronten med ferske bilete av terrorsikta Philip Manshaus (21) frå fengslingsmøtet. Her forklarar dei kvifor.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Måndag ettermiddag møtte den terrorsikta Philip Manshaus (21) frå Bærum i Oslo tingrett for fengslingsmøte etter å ha blitt sikta for terror og drap.

Manshaus smilte til pressa og kom til møtet tydleg forslått etter å ha blitt overmanna under angrepet i al-Noor Islamic Center laurdag.

Kjapt etter var framsidene til norske nettaviser dekkja av Manshaus.

 

Vil ikkje mystifisere

Nyheitsredaktør Frode Hansen i Dagbladet

Dagbladet publiserte fleire artiklar med bilete av 21-åringen, og viste i tillegg ein video frå då han kom inn i rommet.

– Me publisere bilete laupande, men sende ikkje direkte. Me ynskja å sjå korleis han agerte i salen først. Det var viktig for oss, seier nyheitsredaktør Frode Hansen i Dagbladet til Medier24.

Han held fram:

– Etter vår vurdering er det viktig å ikkje gøyme den terrorsikta bak ansiktslause skildringar. Me skal ikkje teie eller mystifisere gjerningsmannen.

– Samstundes er det viktig å ikkje bli ein del av eit propagandaapparat.

 

Skjermdump av Aftenposten-fronten måndag.

Aftenposten tonar det ned

Hos Aftenposten var ikkje biletbruken like omfattande tidleg måndag ettermiddag. Dei brukar bevisst berre eitt bilete, og hadde lenge berre eit i nedskalert utgåve.

Nyheitsredaktør Tone Tveøy Strøm-Gundersen forklarar det slik:

– Det var ei etisk vurdering, seier ho.

– Me ser ingen grunn til å bruke fleire. Me praktiserte det same med El Paso, sjølv om det var eit heilt anna omfang då, legg ho til.

– Sjølv om han er identifisert med namn og bilete, er me stadig på eit tidleg stadium i straffesaka. Han har endå ikkje forklart seg. Me kjenner ikkje hans helsetilstand. Me treng difor ikkje å tapetsere framsidene med bilete av han, seier ho.

 

Skjermdump av NRK-fronten måndag.

Ingen tungtvegande argument mot å publisere

Også hos NRK var det omfattande dekning av fengslingsmøtet. Dei brukte fleire bilete, og video, av då den terrorsikta dukka opp i salen.

– Me tok avgjersla om å identifisere med namn og bilete då siktinga vart utvida til òg å gjelde terror. Me avgjorde å bruke bilete frå retten etter at Manshaus gjennom sin forsvarar samtykka til fotografering, seier etikkredaktør Per Arne Kalbakk til Medier24.

Kalbakk utdjupar:

– Det er uvanleg at ein sikta er sopass synleg forslått når han møter i retten, men det er samstundes relevant dokumentasjon i saka. Me har difor vald å halda fram å bruke desse bileta i dag.

– Er det argument for og imot?

– Når ein sikta sjølv har samtykka til fotografering i retten kan me ikkje sjå at det er nokre tungtvegande argument mot å publisere slike bilete.

Nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken i VG.

 

Forseinka video

VG slo òg opp bileta stort opp måndag ettermiddag.

– Me brukar desse bileta fordi dei er journalistisk relevante. Me omtalar i saka korleis han står fram i retten, at han har samtykka til fotografering under rettsmøtet og òg korleis han i forkant av skytinga har lasta opp bilete av seg sjølv, seier nyheitsredaktør Tora Bakke Håndlykken til Medier24.

– Bileta frå retten har ein informasjonsverdi, på linje med tekst, og er med på å dokumentere hans åtferd.

Bakke Håndlykken seier dei har diskutert biletbruk i denne saka inngåande, og var førebudd på at det kunne bli ei problemstilling. Difor tok dei eit viktig grep:

– VGTV sender difor med noko forseinking, nettopp for at me skal ha rom til å gjere redaksjonelle vurderingar. Her har me landa på at det er riktig å publisere bileta frå retten, men at den journalistiske konteksten me set bileta i er viktig, seier ho.

Powered by Labrador CMS