Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg.
Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg. (Foto: Ole Alexander Saue)

DEBATT

Viktige diskusjonar framover blir kva kriterium som skal leggast til grunn for fordelinga av mediestøtte

«Mediepolitikken må bidra til auka innovasjon og utvikling, slik at både små og store mediehus kjem styrka ut av den digitale omstillinga», skriv Hanna Relling Berg.

  • HANNA RELLING BERG, sjefredaktør i Sunnmørsposten og fungerande styreleiar i Norsk Redaktørforening.

 

Mediemeldinga har utløyst debatt om det er dei minste eller største avisene som har den viktigaste rolla i det norske demokratiet. Faktum er at både små og store aviser fyller svært viktige roller. Den unike floraen av små lokalaviser, mellomstore distriktsaviser, regionaviser og riksaviser har gjort nordmenn til eit av verdas mest avislesande folk. Gevinsten dette gir i form av engasjerte og opplyste borgarar må aldri undervurderast.

Det er gledeleg at kulturministeren vil gi auka støtte til dei minste avisene. Det vil bety mykje for dei lokale fådagarsavisene. Samtidig er det behov for eit mangfald av stemmer. Sjefredaktør Øyulf Hjertenes i Bergens Tidende har heilt rett når han etterlyser tiltak som sikrar at også distrikts- og regionavisene klarer å finansiere journalistikken i framtida. Desse mediehusa sørger for at regionale tema blir sett på den nasjonale dagsorden, og bidrar med viktige perspektiv i samfunnsdebatten.

Mange hadde håpa på at eit mellombels fritak for arbeidsgivaravgift kunne bidra til å sikre sterke redaksjonelle miljø over heile landet. Når det ikkje blir noko av dette, må det kome alternative løysingar som sikrar reelt mediemangfald.

Mediemeldinga legg opp til at all mediestøtte skal forvaltast av eit uavhengig råd, som får ansvar for å fordele midlane. Rådet si verksemd skal skje innanfor rammene av eit eige regelverk, og desse reglane er enno ikkje forma ut. Viktige diskusjonar framover blir derfor kva kriterium som skal leggast til grunn for fordelinga av mediestøtte, og korleis mediestøtterådet skal settast saman. Rådet skal ha ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle mediestøtteordningane. Det vil bli eit råd med stor makt over mange arbeidsplassar, og derfor er det vesentleg kva styringssignal som blir gitt.

Det vil framleis kome tøffe tider, og alle mediehus må vere budde på endringar. Dei gode ideane finst rundt omkring i landet, og derfor kan auka støtte til innovasjon og utvikling få avgjerande stor betydning. Det er samfunnet sitt behov for god journalistikk som må vere styrande. Både lokalt, regionalt og nasjonalt er det behov for grundig, sanningsøkande journalistikk for å sikre at demokratiet fungerer på alle nivå. Dersom dei gode intensjonane i kulturministerens mediemelding skal oppfyllast, må det framtidige mediestøtterådet ta omsyn til dette.

Til toppen