Medierettsadvokat Jon Wessel-Aas.
Medierettsadvokat Jon Wessel-Aas. (Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix)

Wessel-Aas meiner ny lov om E-tenesta kan svekkje kjelde­vernet. Får svar frå Forsvars­departementet

Medierettsadvokaten lurer på kva som ville skjedd i Ulrik Imtiaz Rolfsen-saka frå 2015 dersom det føreslåtte regelverket ville vore gjeldande for tre år sidan.

Det var måndag forrige veka at Regjeringa la ut eit forslag til ny lov om Etterretningstenesta på høyring, med frist 12. februar 2019.

Forslaget har ikkje gått upåakta hen. Abid Raja (V) sa til NRK at dei kan dissens, og reagerer på spørsmålet om digitalt grenseforsvar.

 

– Må ha ein uavhengig instans

Medierettsadvokat Jon Wessel-Aas er ikkje imponert over korleis regjeringa steller seg til innsyn i fortruleg kommunikasjon.

– Problemet er at E-tenesta sjølv skal vurdere vilkåra for å gjere unntak for kjeldevernet, seier Wessel-Aas til Medier24, og viser til §9-6 Nødvendighetskrav for behandling av fortrolig kommunikasjon med særlige yrkesutøvere.

– Ein uavhengig instans, helst Domstolen, må involverast for å gi løyve til dette. Det er ikkje godt nok at den utøvande makta sjølv skal vurdere om vilkåra å gjere inngrep i kjeldevernet er til stades, seier han.

Statssekretær i Forsvarsdepartementet, Tone Skogen, skriv følgjande i ein e-post til Medier24, via pressevakt Ann Kristin Salbuvik:

Statssekretær i Forsvarsdepartementet, Tone Skogen (H). Pressefoto

«Etterretningstjenesten og PST har ett felles mål – å beskytte Norge. Samtidig har de to tjenestene ulike oppdrag. PST arbeider for å forebygge, avverge, etterforske og straffeforfølge alvorlige kriminelle handlinger mot landets sikkerhet. Etterretningstjenesten samler inn informasjon for å avdekke og varsle om de mest alvorlige fremmede truslene mot Norge og norsk sikkerhet. PST har sitt fokus rettet mot det som foregår på norsk jord. Etterretningstjenesten har sitt fokus rettet mot det som skjer utenfor Norges grenser.»

  • Medier24 forsøkte i eitt døger å få prate med Forsvarsdepartementet på telefon, men det var først etter 24 timar at departementet kom med eit svar – skriftleg. 

 

– Korleis ville situasjonen vore?

Medierettsadvokaten trekk fram den mykje omtalte episoden frå 2015 der Politiets sikkerhetstjeneste (PST) beslagla Ulrik Imtiaz Rolfsen sitt upubliserte, dokumentariske filmmateriale om Profetens Ummah og Ubaydullah Hussain.

 Rolfsen anka umiddelbart til Høgsterett, som slo fast at PST hadde brote lova ved å beslagleggje materialet.

Bakgrunnen for beslaget var i PST si etterforsking av ein 18-åring ein 18-åring som var sikta for å ville slutte seg til ein terrororganisasjon.

– Korleis ville situasjonen vore dersom dei ikkje kunne anka til Høgsterett? spør Wessel-Aas retorisk.

Skogen er ueinig i kritikken frå Wessel-Aas:

«Rolfsen-saken gjaldt beslag av journalistisk materiale. E-tjenesten driver ikke etterforskning og har ikke anledning til å bruke tvangsmidler overfor norsk befolkning. Hensynet til kildevernet står høyt. I lovforslaget har vi derfor innført som hovedregel at Etterretningstjenesten ikke kan behandle slik informasjon og unntaket er svært strengt. Unntak må godkjennes av etterretningssjefen personlig og vil bli særskilt merket. EOS-utvalget vil kontrollere bruken nøye.»

Til toppen