Frist: 17. des.

Ambisiøs lokalavis søkjer ivrig nyheitsjournalist

Er du eit offensivt, digitalt nyheitshovud? Er du meir oppteken av at endringane i mediebransjen er byrjinga på noko nytt, enn at dei er slutten på noko gamalt?

Ser du nyheitssaker over alt, og kjenner det som om berre tida set grenser for kva du kan få til?

Har du bein i nasen, men ser mykje lengre enn din eigen nasetipp? Har du journalistisk erfaring, men har lyst til å utvikle deg vidare og lære meir?

Likar du å fotografere og lage korte videosnuttar?

Då bør du fortsette å lese.

Bygdanytt er ei middels stor lokalavis, som har sett seg særs høge mål.

Det er ein føremon om du har erfaring med verktøy som nyttast i moderne avisproduksjon, men viktigast er det at du har lett for å lære deg å nytte nye digitale løysingar. Du er ein allroundar og trivst med alle stoffområde.

Løpande deadline er ditt mellomnamn. Du tenkjer digitalt, drøymer om sosiale medium og smarttelefonen er favorittdingsen din.

Du elskar å treffe andre menneske og er genuint opptatt av kva dei har å fortelje.

Du likar å ha mange ballar i lufta på ein gong og jobbar systematisk. Du jobbar sjølvstendig, og du gruar deg ikkje for å ta opp tema som vekker engasjement.

Å konfrontere menneske med makt er ein del av journalistrolla, og det trivst du godt med.

Søkarar må ha førarkort for bil og må meistre både nynorsk og bokmål. Du må rekne med ein del kvelds- og helgearbeid. Stillinga inneber turnusarbeid.

Bygdanytt i Arna og Strilen i Knarvik har felles ansvarleg redaktør og samarbeider tett. Den som vert tilsett, må rekne med å tidvis arbeide for Strilen og ta turen til Knarvik.

 

Kontaktperson

Søknadsfrist: 17. Desember 2018

Gå til søknadsskjema
Til toppen