Frist: 17. des.
(Ketil Tjore)

Ambisiøse søsteraviser søker digital deskjournalist

Likar du å arbeide i angrepsposisjon, elskar digitale medium og er ein håplaus nyheitsjunkie?

Trivst du med høgt tempo, å skriver kjappe nyheitssaker og deske andre journalistar sitt stoff?

Er du en kløppar på sosiale medium og veit kva for type journalistikk lesarane er villige til å betale for?

Har du journalistisk erfaring og er stødig i presseetikk?

Då bør du fortsette å lese.

Strilen og Bygdanytt er to middels store lokalaviser, med skyhøge ambisjonar. Vi etablerer no ein digitaldesk, som skal vere felles for dei to avisene.

Til denne desken søker vi ein digital deskjournalist, som saman med to andre journalistar skal gå i turnus og syte for digital slagkraft sju dagar i veka.

Du er ein dreven digitalist og har lett for å ta i bruk nye, digitale verktøy.

Du er ein allroundar og trivst med alle stoffområde, inkludert politikk og samfunnsliv.

Løpande deadline er ditt mellomnamn. Du tenkjer digitalt, drøymer om sosiale medium og smarttelefonen er favorittdingsen din.

Du vert inspirert av å jobbe med blålysnyheiter i den eine augeblinken og deske ei featuresak i det neste. Du skal både skrive eigne saker og løfte andre sine saker eit ekstra hakk.

Du er særs opptatt av kunnskap om lesarmønster, salsutløysande saker, sidevisningar, tidsbruk, økter, presentasjon og publiseringsplanar.

Bygdanytt i Arna og Strilen i Knarvik har felles ansvarleg redaktør og samarbeider tett. Den som vert tilsett, kan velje hovudarbeidsstad mellom Arna og Knarvik, men må uansett rekne med å tidvis arbeide frå den andre avisa sine lokale.

 

Kontaktperson 

Søknadsfrist: 17. desember 2018. 

Gå til søknadsskjema
Til toppen