Frist: 26. mai
(Øyvind Wæhle)

Avisa Hordaland søkjer sals- og marknadsansvarleg

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Me søkjer ein samlande og kommersiell leiar til å leia vårt salsarbeid i fleire selskap og fleire kanalar.

Konsernet LL Hordaland er inne i ein endringsprosess der me har tydeleg fokus på å dekkja lesarane sine digitale behov, samstundes som me skal utvikla vår viktige papiravis. Me jobbar også med å verte endå betre samarbeidspartnarar og rådgjevarar for våre kundar i alle kanalar

Til å leia vårt salsarbeid i fleire selskap og fleire kanalar, søkjer me ein samlande og kommersiell leiar. Ansvaret inneber leiing av eigne medarbeidarar, og å skapa ein sals- og produktstrategi som gjev effekt for og som marknadsfører annonsørane våre på best mogleg vis. Me tilbyr ei sentral leiarrolle med særs gode høve for å utvikla eige nettverk innan næringslivet på Voss og i omlandet.


Arbeidsoppgåver:

  • Leia, utvikla og motivera eigne medarbeidarar
  • Byggja ein prestasjonskultur kring alt sal i våre verksemder
  • Ansvar for sals- og produkstrategi i tillegg til budsjett for avdelinga
  • Delta i kundemøte, vidareutvikla kunderelasjonar og gjennomføra avtaleforhandlingar
  • Styrkja posisjonen hjå lokale annonsørar og auka talet på kundar.


Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning, gjerne innan marknadsføring, økonomi, leiing eller liknande
  • Leiarerfaring frå kommersiell verksemd med salsfokus, og kan visa til gode oppnådde resultat
  • Gjerne bakgrunn frå rådgjevande B2B sal
  • Innsikt og interesse for digital marknadsføring/sosiale media
  • Erfaring med endringsleiing


Eigenskapar:

  • Samlande og engasjerande med evne til å inspirera kundar og tilsette
  • Sjølvstendig og strukturert
  • God på å byggja nettverk
  • Positiv og løysingsorientert, også i krevjande periodar med arbeidspress
  • Mål- og forretningsfokusert i ein endringsorientert bransje


Me tilbyr:

  • Totalt salsansvar for Hordaland, Vaksdal Posten og Hordaland Trykk og Distribusjon
  • Ei synleg leiarrolle med gode moglegheiter for å utvikla eige nettverk innan næringslivet på Voss og i omlandet.
  • Eit stort og sjølvstendig ansvar for drift og utvikling av eit spennande område
  • Konkurransedyktige vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Ta gjerne kontakt med konsernleiar Terje Olsen på epost terje.olsen@avisa-hordaland.no eller på 976 14 188 for meir informasjon om stillinga.

Send søknad til terje.olsen@avisa-hordaland.no
Søknadsfrist 26. mai.

Send søknad på e-post
Til toppen