Frist: 19. juli
Den magiske Utkantfestivalen i Gulen er eit av årets store høgdepunkt.

Avisa Nordhordland søker digital journalist

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Vi søker etter ein journalist som er god til å fortelle historier med nye digitale verkemiddel.

Avisa Nordhordland opplever sterk digital vekst og ønsker å styrke posisjonen ytterlegare blant lesarane. 


Vi ser difor etter deg som har desse eigenskapane:

  • Du likar å skrive alle typar saker, fotograferer sjølv og er sterk digitalt
  • Du ivrar for å vinne konkurransen om nyheitene
  • Har stor arbeidskapasitet, er produktiv og jobbar strukturert
  • Du ser stor verdi i lesartal og er aktiv i sosiale medium
  • Du har førarkort på bil, likar å vere på farten og trivst i møte med folk
  • Har gode samarbeidsevner
  • Skriv nynorsk

Lyst på jobben, men føler du ikkje kan hake av på alle kriteria? Søk likevel – du kjem langt med rett haldning og talent!


Vi kan tilby:

  • 100 prosent fast stilling i turnus.
  • Ein spennande og variert jobb i ein region der det skjer mykje og tempoet er høgt.
  • Utvikling og oppdatert kompetanse gjennom landets leiande lokalaviskonsern Amedia.
  • Eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø med kollegaer som samarbeider tett.
  • Lokalkjennskap til regionen er ein fordel.

Spørsmål om stillinga kan rettast til

  • redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal tlf. 488 91 138 eller
  • klubbleiar Yngve Garen Svardal tlf. 415 30 177.

Søknad med CV og referansar sendast på epost til trond.nydal@nordhordland.no innan 19. juli. Dersom du tidlegare ikkje har hatt fast stilling som journalist, ber vi deg legge ved 3 arbeidsprøver.

Send søknad på e-post
Til toppen