Frist: 3. april

Avisa Nordhordland søker digital journalist

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Avisa Nordhordland opplever sterk digital vekst og jobbar for å styrke posisjonen ytterlegare blant lesarane.

Vi søker difor etter ambisiøse journalistar som vil løfte avisa i ein heildigital kvardag.

Dette er deg:

Du ivrar alltid for å vinne konkurransen om nyheitene og jaktar på dei beste vinklingane. Du likar å skrive alle typar saker, fotograferer sjølv og er sterk digitalt.

Du har stor arbeidskapasitet, er produktiv og jobbar strukturert både sjølvstendig og i team. Du ser stor verdi i lesartal og innhaldsanalyser og er svært aktiv i sosiale medium.

Du må ha førarkort på bil, like å vere på farten og trivst i møte med folk.

Stillinga inngår i turnus der du jobbar sjølvstendig med frontredigering på kveldar og helg. Erfaring med denne typen arbeid er ein fordel.

Vi kan tilby:

  • 100 prosent fast stilling.
  • Eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø med kollegaer som samarbeider tett og heiar kvarandre fram.
  • Ein spennande og variert jobb i ein region der det skjer mykje og tempoet er høgt.

Utvikling og oppdatert kompetanse gjennom landets leiande lokalaviskonsern Amedia.

Lokalkjennskap er ein fordel. Dersom du tidlegare ikkje har hatt fast stilling som journalist, ber vi deg legge ved minst 3 arbeidsprøver som viser kva du står for som journalist.

Les mer om hvordan det er å være ansatt i Amedia her.

Søknadsfrist: 03. april

Gå til søknadsskjema
Til toppen