Frist: 7. aug.

Avisa Nordhordland søker digital journalist

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Har du lyst å jobbe i ein heildigital lokalavisredaksjon? Vi har ledig ei midlertidig stilling på fulltid ut mai 2021.

Trivst du best når det er hektisk og konkurranse om nyheitene? Og kan du begynne tidleg i september? Er svara ja, vil vi gjerne høyre frå deg.

Dette er ein fin sjanse til å få meir erfaring for deg som er tidleg i karrieren eller vil inn i journalistyrket. Hos oss blir du viktig frå første dag.

Vi ser etter deg som har:

  • Stor arbeidskapasitet og fotograferer sjølv.
  • Godt humør, trivst i møte med folk og samarbeider godt.
  • Førarkort på bil.
  • Tilfredsstillande nynorsk.

Stillinga inngår i turnus der du jobbar sjølvstendig med frontredigering på kveld og helg. Opplæring blir gitt.

Vi kan tilby:

  • Eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø med kollegaer som samarbeider tett og heiar kvarandre fram.
  • Ein spennande og variert jobb i ein region der det skjer mykje og tempoet er høgt.
  • Utvikling og oppdatert kompetanse gjennom landets leiande lokalaviskonsern Amedia.
  • Eit distrikt der du er tett på både vakker kystnatur og Bergen by med alle tilboda det inneber.
  • Lokalkjennskap er ein fordel, men ikkje eit krav.

Spørsmål om stillinga kan rettast til redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal, tlf. 488 91 138 eller klubbleiar Sirill Soltveit Heimdal, tlf. 977 16 612.

Send søknad med CV, referansar og arbeidsprøver på epost til trond.nydal@nordhordland.no innan 7. august.

Søknadsfrist: 07. august

Send søknad på e-post
Til toppen