Frist: 16. sep.
(Bilde: Bent Are Iversen)

Firda søker journalist i fast stilling

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Ledig jobb i Norges største nynorskavis.

Firda søker etter ein journalist i 100 prosent fast stilling. Vi er på jakt etter ein person med høg digital kompetanse, som er samfunnsengasjert og har stor interesse for det politiske fagfeltet. Du må ha vilje til å stå på og kunne jobbe både sjølvstendig og saman med andre. Personen vi søker etter brenn for samfunnsoppdraget og den undersøkande journalistikken, og ønsker å vere med på å utvikle lokaljournalistikken og den journalistiske presentasjonen.

Som journalist i Firda lagar du nyheitssaker, reportasjar og videoar, og du må kunne fotografere. Du må like å vere ute og snakke med eit breidt spekter av menneske og kunne leite deg fram i dokument for å finne saker frå ulike arenaer.  
I Firda får du spennande, utfordrande og allsidige arbeidsoppgåver i eit godt og hektisk miljø. Du får også gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Arbeidsstaden blir på hovudkontoret i Førde. Det er ein føresetnad at du har førarkort for bil. 


Kvalifikasjonar:

  • Gode allmennkunnskapar, sikker språkføring og god formidlingsevne.
  • Samfunnsinnsikt og stor interesse for det politiske fagfeltet.
  • Høg digital kompetanse.
  • Sterk nyheitsteft og evne til å ha oversikt i nyheitsbildet.
  • Vere sjølvgåande og ha gode samarbeidsevner.
  • Erfaring frå publisering på sosiale medium og forståing for kva som fungerer.
  • Høgt etisk medvit.


Spørsmål om stillinga kan stillast til

Klubbleiar for Norsk journalistlag i Firda er Idar Stadheim: Idar.stadheim@firda.no – 901 28 020


Søknad med CV
og referansar sender du til eirik.grane@firda.no
Søknadsfrist: 16. september 2017

Send søknad på e-post
Til toppen