Frist: 1. juli
Redaksjonen i Firda er på jakt etter ein ny kollega. (Marie Havnen)

Firda søker journalist

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Firda skal vere best på nyheiter i vårt område. Difor er vi på jakt etter deg som er engasjert og nysgjerrig, med vilje til å stå på.

Du er glad i å snakke med folk, har teft for nyheiter og ser dei gode vinklingane. 

Vi har sterk vekst på mobil og nett. Difor ser vi etter journalistar som kan bidra til å styrke denne satsinga. 

I Firda får du ein utfordrande kvardag, der du får jobbe med alle slags stoffområde. Vi lovar kjekke kollegaer som jobbar godt i lag for å gjere Firda til verdas viktigaste lokalavis i områda vi dekker.

Du er førebudd på varierte arbeidsoppgåver, likar høgt tempo, jobbar sjølvstendig med eigne idear, skriv god nynorsk og har førarkort på bil.

Du jobbar frå Førde og i stillinga inngår helge- og turnusarbeid.

Har du spørsmål til stillinga?

Kontakt ansvarleg redaktør Kai Aage Pedersen, telefon: 97055202 eller utviklingsredaktør Marie Havnen, telefon: 41630884. 

Søknad med CV og referansar sender du til kai.aage.pedersen@firda.no

Søknadsfrist: 1.juli

Send søknad på e-post
Til toppen