Frist: 1. okt.

Firda søker journalist

Firda blei nyleg kåra til årets lokale nyheitsnettstad.

No ser vi etter ein journalist som kan bidra til å styrke denne satsinga.

Firda skal vere best på nyheiter i vårt område. Difor er vi på jakt etter deg som er engasjert og nysgjerrig, med vilje til å stå på. Du er glad i å snakke med folk, har teft for nyheiter og ser dei gode vinklingane. 

I Firda får du ein utfordrande kvardag, der du får jobbe med alle slags stoffområde. Vi lovar kjekke kollegaer som jobbar godt i lag for å gjere Firda til verdas viktigaste lokalavis i områda vi dekker.

Du er førebudd på varierte arbeidsoppgåver, likar høgt tempo, jobbar sjølvstendig med eigne idear, skriv god nynorsk og har førarkort på bil.

Du jobbar frå Førde og i stillinga inngår helge- og turnusarbeid.

Har du spørsmål til stillingaKontakt ansvarleg redaktør Kai Aage Pedersen på 970 55 202.

Søknad med CV og referansar sender du til kai.aage.pedersen@firda.no

Idar Stadheim er leiar for redaksjonsklubben.

Søknadsfrist: 1. oktober

Send søknad på e-post
Til toppen