Frist: 9. nov.

Firda søker journalist

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Firda blei nyleg kåra til årets lokale nyheitsnettstad av MBL, og ifølge juryen boksar vi over eigen vektklasse og leverer ein nyheitsnettstad med særpreg. No ser vi etter ein journalist som kan bidra til å styrke denne satsinga.

Firda skal vere best på nyheiter i vårt område. Difor er vi på jakt etter deg som er engasjert og nysgjerrig, med vilje til å stå på. Du er glad i å snakke med folk, har teft for nyheiter og ser dei gode vinklingane.

I Firda får du ein utfordrande kvardag, der du får jobbe med alle slags stoffområde. Vi lovar kjekke kollegaer som jobbar godt i lag for å gjere Firda til verdas viktigaste lokalavis i områda vi dekker.

Du er førebudd på varierte arbeidsoppgåver, likar høgt tempo, jobbar sjølvstendig med eigne idear, skriv god nynorsk og har førarkort på bil.

Du jobbar frå Førde og i stillinga inngår helge- og turnusarbeid.

Spørsmål til stillinga? Kontakt ansvarleg redaktør Kai Aage Pedersen på 970 55 202.

Søknad med CV og referansar sender du til kai.aage.pedersen@firda.no.

Idar Stadheim er leiar for redaksjonsklubben.

Søknadsfrist: 9. november

Send søknad på e-post
Til toppen