Frist: 20. sep.

Firda søker to journalistar

Firda skal vere best på nyheiter i vårt område. Difor er vi på jakt etter deg som er engasjert og nysgjerrig, med vilje til å stå på.

Du er glad i å snakke med folk, har teft for nyheiter og ser dei gode vinklingane. 

Vi har sterk vekst på mobil og nett. Difor ser vi etter to journalistar som kan bidra til å styrke denne satsinga. I Firda får du ein utfordrande kvardag, der du får jobbe med alle slags stoffområde. Vi lovar kjekke kollegaer som jobbar godt i lag for å gjere Firda til verdas viktigaste lokalavis i områda vi dekker.

Du er førebudd på varierte arbeidsoppgåver, likar høgt tempo, jobbar sjølvstendig med eigne idear, skriv god nynorsk og har førarkort på bil. Du jobbar frå Førde og i stillinga inngår helge- og turnusarbeid.


Har du spørsmål til stillinga? Kontakt ansvarleg redaktør Kai Aage Pedersen, 970 55 202 eller utviklingsredaktør Marie Havnen, 416 30 884. 
 
Søknad med CV og referansar sender du til kai.aage.pedersen@firda.no 
Søknadsfrist: 20. september 2019

Send søknad på e-post
Til toppen