Frist: 31. mai
(Torunn Akersveen Lied)

Hallingdølen søkjer ansvarleg redaktør

Me søkjer ein tydeleg og synleg leiar med stor arbeidskapasitet og lyst, evne og motivasjon til å leie ein redaksjon i eit mediehus i ei digital endringstid.

Stillinga som ansvarleg redaktør er no ledig. Ansvarleg redaktør er øvste leiar i redaksjonen, og arbeider etter redaktørplakaten, tekstreklameplakaten og øvrige presseetiske retningsliner som gjeld for norske medier. Søkjarar må ha stor arbeidskapasitet og lyst, evne og motivasjon til å leie ein redaksjon i eit mediehus i ei digital endringstid.

Ansvarleg redaktør skal vera ein tydeleg og synleg leiar, og har saman med administrerande direktør ansvar for å nå mediehusets marknadsmessige og økonomiske målsettingar. Søkjarar må ha redaksjonell erfaring og god pressefagleg vurderingsevne.


Spørsmål om stillinga
kan rettast til styreleiar Kjell Vidar Bergo, tlf 917 06 235.

Søknad sender ein til Hallingdølen as v/styret, Sundrevegen 79, 3570 Ål eller kvb@hallingdolen.no 
Søknadsfrist: 31. mai 2019.

Send søknad på e-post
Til toppen