Frist: 15. april

Høgskulen i Volda søkjer førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i journalistikk

Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for Mediefag, Institutt for journalistikk, er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor i journalistikk. Tilsetting i stillinga er tenkt til august/september 2020.

Stillinga skal dekke forsking, undervisning og fagleg utviklingsarbeid innan journalistikkfeltet.

Høgskulen har Norges største praktisk retta medieutdanning med meir enn 500 studentar og ca. 50 tilsette. Stillinga er ein del av avdelingas vidare satsing innan fleirmedial- og digital journalistikk og søkjaren må kunne undervise både i praktiske og teoretiske tema knytt til journalistikkfeltet.

I tillegg til søkjarens spesialfelt må søkjaren vere budd på å undervise og rettleie både på bachelor og masternivå. Det er også venta at søkjaren engasjerer seg og deltek i ei forskargruppe.

Kvalifikasjonar

Søkjaren må dokumentere relevant kompetanse og har interesse for og ambisjonar om å drive forsking og fagutvikling på journalistikkfeltet.

Du må ha master/hovudfag i journalistikk, mediefag eller andre relevante fag. Søkaren kan be om vurdering av tilsetting som førstelektor/førsteamanuensis. For tilsetting som førsteamanuensis, er det krav om godkjend doktorgrad eller tilsvarande. Vi viser til føresegn om tilsetjing og opprykk i undervisnings- og forskarstillingar.

Ved vurdering av søkjarane vert det lagt vekt på:

  • Erfaring frå journalistisk arbeid
  • Bransjekjennskap og erfaring med bransjesamarbeid
  • Kompetanse innan profesjonskunnskap, web, sosiale media og/eller mobile plattformer
  • Kompetanse innan research og kjeldearbeid, på klassiske journalistiske metodar og med hjelp av digitale reiskap

Vi ser etter deg som kjenner deg att i eit eller fleire av punkta under:

  • Er sjølvstendig og utviklingsorientert, men likar å jobbe i team
  • Er interessert i og trivs med å jobbe tett med studentar og kollegaer i rettleiing og undervisning
  • Er interessert i og sjølvgåande i å sette seg inn i ny teknologi
  • Har erfaring med prosjektleiing innan journalistiske utviklingsprosjekt og/eller forskingsprosjekt
  • Har vitskapeleg publikasjon innan stillingsfeltet
  • Har erfaring med internasjonalt samarbeid

Søkjaren må ha gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, eventuelt anna skandinavisk språk. Undervisnings- og administrasjonsspråket på høgskulen er norsk.

Søkaren må dokumentere utdanning, relevant arbeidserfaring, og gjerne FoU-arbeid.

Den som vert tilsett må ha dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.

For stillingar som førsteamanuensis viser ein vidare til krav til Høgskulen i Volda sine krav til pedagogisk basiskompetanse og til Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.

Søkjar til stilling som førsteamanuensis som ikkje innfrir krava til pedagogisk basiskompetanse, kan bli tilsett med vilkår om at vedkomande innan to år opparbeider seg denne kompetansen. Vedkomande vil få tilbod om opplæring/kurs/emne i høgskulepedagogikk.

For meir informasjon om kva som ligg i kravet til pedagogisk kompetanse i Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger, sjå Universitets- og høgskolerådet sine nasjonale retningslinjer for pedagogisk basiskompetanse.

Vi tilbyr

Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Arbeidsplass er Høgskulen i Volda.

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: Førsteamanuensis 1011/førstelektor 1198 / høgskulelektor 1008 frå kr 488 000 – 679 000.

Nærmare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar for Journalistikk:

  • Jan Ytrehorn, e-post: jy@hivolda.no / tlf. 915 86 495/700 75 105
  • Dekan Odd Ragnar Hunnes, e-post: orh@hivolda.no / tlf. 452 57 256/700 75 296

Søknadsfrist: 15. april

Gå til søknadsskjema
Til toppen