Frist: 15. april

Høgskulen i Volda søkjer førstelektor/høgskulelektor/ høgskulelærar i journalistikk

Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for Mediefag, Institutt for journalistikk er det ledig inntil to faste stillingar som førstelektor/høgskulelektor/høgskulelærar i journalistikk frå hausten 2020.

Den som blir tilsett vil få varierte arbeidsoppgåver innafor undervisning, rettleiing og forskings- og utviklingsarbeid i journalistikk. Tilsetting i stillinga er tenkt til august/september 2020.

Arbeidsfelt

Høgskulen har Norges største praktisk retta medieutdanning med meir enn 500 studentar og ca. 50 tilsette. Journalistutdanninga har rundt 170 studentar. Vi ynskjer ein tydeleg og fagleg stødig rettleiar med erfaring frå nyheits- og aktualitetssjangeren som kan undervise både i praktiske og teoretiske tema.

Kvalifikasjonar

Søkjaren må dokumentere relevant kompetanse og ha erfaring frå journalistisk arbeid.

Søkjaren må ha:

  • Høgare utdanning i journalistikk, mediefag eller andre relevante fag
  • Solid journalistisk erfaring og kjennskap til publisering på ulike publiseringsplattformer
  • Gode språkkunnskapar og formidlingsevne
  • Gode samarbeidsevner

Høgskulen vil vurdere mellombels tilsetjing som høgskulelærar for søkjar med relevant bakgrunn og utan tilstrekkeleg formell kompetanse.

Ved vurdering av søkjarane vert det lagt vekt på:

  • God erfaring frå undersøkande journalistikk
  • God erfaring med redaksjonell bruk av sosiale medier
  • Kompetanse innan research og kjeldearbeid, på klassiske journalistiske metodar og med hjelp av digitale reiskap

Vi ser etter deg som eit eller fleire av punkta under passar for:

  • Er interessert i å jobbe tett med studentar og kollegaer i rettleiing og undervisning
  • Er sjølvstendig og utviklingsorientert og likar å jobbe i team
  • Trivs med tidvis høgt tempo
  • Har erfaring med redaksjonell leiing

Søkjaren må ha gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg, eventuelt anna skandinavisk språk. Undervisings- og administrasjonsspråket på høgskulen er norsk.

Søkaren må dokumentere utdanning, relevant arbeidserfaring, og eventuelt FoU-arbeid.

Den som vert tilsett må ha dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing.

Søkjar som ikkje oppfyller desse krava forpliktar seg til å gjennomføre nødvendige program/kurs for pedagogisk basiskompetanse eller høgskulepedagogikk innan to år.

Vi tilbyr

Eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Arbeidsplass er Høgskulen i Volda.

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn i desse stillingskodene ved Høgskulen i Volda: førstelektor 1198 frå kr 583 900 – 789 200/ høgskulelektor 1008 frå kr 488 000 – 679 000/høgskulelærar 1007 frå kr 402 600 – 573 100.

Nærmare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar for Journalistikk:

  • Jan Ytrehorn, e-post: jy@hivolda.no / tlf. 915 86 495/700 75 105
  • Dekan Odd Ragnar Hunnes, e-post: orh@hivolda.no / tlf. 45257256/700 75 296.

Søknadsfrist: 15. april

Gå til søknadsskjema
Til toppen