Frist: 26. april
(Øyvind Wæhle)

Hordaland søkjer nettansvarleg

Me søkjer etter god digital journalist med solid teft for nyhende og ynskje om å fortelja dei gode historiene.

Me søkjer nettansvarleg i to års vikariat med gode sjansar til fast tilsetjing.

Ein av våre journalistar skal ha permisjon for å vidareutdanna seg. Den som vert tilsett vil gå inn som i stillinga som nettansvarleg. Du får ansvaret for oppdatering av nettsida, publiseringsplanar og fortløpande redigering av nettavisa. Du vert ein sentral person i Hordaland si satsing på nett.

Arbeidet vert utført i samarbeid med redaktør og dei andre journalistane.
Hordaland har 11 journalistar som alle leverer til nett og papir.

  • Kjennskap til video og live-sendingar er ein føremon.
  • Du må ha førarkort for personbil.
  • Målet vårt er nynorsk, og stødig og godt språk er ein føresetnad.
  • Hordaland kjem ut med papiravis tre dagar i veka, og publiserer dagleg på nett.
  • Den som vert tilsett går inn i vår vaktturnus.
  • Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkja.
  • Me ynskjer snarleg tiltreding.
  • Løn etter avtale.

Førespurnad om stillinga kan rettast til:

  • Redaktør Geir Geitle, tlf 404 19 953, eller
  • Klubbleiar Ørjan Brattetveit, tlf 416 23 262.

Skriftleg søknad med cv og evt. arbeidsprøvar kan sendast på e-post til: gg@avisa-hordaland.no 
Søknadsfrist 26. april.

Send søknad på e-post
Til toppen