Frist: 20. feb.

Jobbe her? Firda søker sommarvikarar

Lyst til å bruke sommaren på Vestlandet i ein redaksjon som satsar for fullt på det digitale? Vi søker engasjerte sommarvikarar som har lyst å jobbe med høgt tempo for å levere på firda.no.

Firda skal tilsette vikarar i redaksjonen for sommaren 2019. Som sommarvikar i Firda jobbar du hovudsakleg som nyheitsjournalist, men du er innom alle felt og får ein variert arbeidskvardag. Du er motivert til å finne eigne saker, jobbar sjølvstendig og er samarbeidsvillig.

Sommarvikarane våre går i ein turnus med tidleg-, dag-, kvelds- og helgevakter.

Du må ha førarkort.

Spørsmål om vikariata? Ta kontakt:

  • Kai Aage Pedersen, ansvarleg redaktør: 970 55 202 eller
  • Marie Havnen, utviklingsredaktør: 416 30 884

Send ein kort søknad med CV til kai.aage.pedersen@firda.no 

Sommarvikariata varer normalt frå midten av juni til midten av august.
Frist: Snarast og seinast onsdag 20. februar

 

Send søknad på e-post
Til toppen