Frist: 31. mars
Fjelltur til Bøttejuvet med utsikt over Øvre Årdal, kor me har kontor. (Atle Rønningen)

Journalist og selgar i Porten.no - eit heildigitalt mediehus i Sogn

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Vil du vera med på å bygga ei heildigital avis i Sogn? Me leitar etter deg som har konkurranseinstinkt og lyst til å løfte Porten.no vidare.

Porten.no er ei lokal nettavis i vekst, med etableringar i Indre og Ytre Sogn. Me driv også med konsultasjon innan digital marknadsføring og tilbyr produkt og tenester på dette området. 

Du blir ein nøkkelperson i eit ungt og engasjert arbeidsmiljø som utviklar mediehuset vidare. Hos oss er det kort veg mellom idé og realisering: me er alltid interesserte i å teste nye konsept som kan heve produktet.

Kontora i Årdal og Høyanger er plasserte like ved eit mylder av naturmoglegheiter, anten du likar toppturar og pudder, kajakkpadling, fjellklatring, elvefiske eller luftsport.

 

JOURNALIST - INDRE SOGN, FAST 100%

Ansvar og oppgåver:

Ut ifrå hovedkontoret i Årdal, vil du produsera og utvikla det redaksjonelle arbeidet i Sogn, med hovedfokus på kommunane Årdal, Lærdal og Aurland.

Her er det viktig å:

  • Bygge nettverk innan politikk, næringsliv og lokalsamfunnet elles
  • Stille førebudd til kvar vakt med eigne idear
  • Oppsøke nyheiter utanfor kontoret og jakte dei gode historiane

Ynskja kvalifikasjonar og bakgrunn:

  • Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis innan journalistikk eller andre
    samfunnsområde, som økonomi, samanliknande politikk, o.l.
  • Erfaring med å dekke politikk og næringsliv
  • Oppdatert på utviklinga i norsk presse, både journalistfagleg og teknologisk
  • God etisk vurderingsevne
  • Erfaring med digitale plattformer, gjerne også video og podkast
  • Porten.no er ei nynorskavis, og vår nye journalist må vera trygg på å skriva nynorsk

Me søkjer deg som:

  • Har ambisjonar som journalist
  • Er «svolten», jobbar raskt og trivest i eit hektisk miljø
  • Held fokus sjølv om det er mange ballar i lufta
  • Jobbar godt aleine og i team
  • Er samfunnsengasjert, nysgjerrig og oppteken av resultat og kvalitet

 

SELGAR - YTRE SOGN, FAST 100%

Me ser etter deg som er resultatorientert, analytisk og strategisk. Du har relevant utdanning og erfaring med salg og kundeprosessar. Stillinga er i utgangspunktet 100%, men det kan tilpassast ynskjer frå kandidaten.

Ansvar og oppgåver

  • Aktiv rolle med å bygge kundeportefølje
  • Levere statusrapportar jamleg til dagleg leiar
  • Marknadsføre og vidareutvikle Porten.no sine kommersielle produkt og tenester

Du...

  • Er ambisiøs, har konkurranseinstinkt og blir motivert av tal
  • Er sjølvgåande, strukturert, handterer stress og trivast i fartsfylt miljø
  • Blir trigga av tanken på å vere med og vidareutvikle eit ferskt mediehus i vekst

 

VIKARAR - YTRE SOGN

Me ser etter tilkallingsvikarar som held til i Sogn eller har tilknytning til området. Du kan jobbe ut ifrå kontor i Høyanger/andre plassar i regionen, eller frå avstand der du studerer. Me vil vere leiande på dei viktigaste nyheitene og fange opp interessante hendingar og arrangement i lokalsamfunnet.

Du...

  • Er sjølvstendig, språksikker og trivast i eit hektisk og kreativt miljø
  • Har gjerne - eller held på med - relevant høgare utdanning innan journalistikk eller
    andre samfunnsområde
  • Har mulighet til å jobbe enkelte helger
  • Skriv godt nynorsk

 

Til alle stillingane tilbyr me:

  • Ein sjanse til å vera med å byggja ei heildigital lokalavis
  • Ei viktig rolle i eit framtidsretta miljø prega av kreativitet og fleksibilitet
  • Konkurransedyktig løn og pensjon, forsikring og personalordningar

For meir informasjon, ta kontakt med dagleg leiar og redaktør, Synne Asheim Haga, mobil: 975 46 895 eller synne@porten.no.

Send CV og søknad snarast. Legg ved attestar og vitnemål, gjerne også døme på saker og reportasjar. Søknader blir behandla fortløpande.

Oppstart: etter avtale.

Søknadsfrist: 31. mars

Send søknad på e-post
Til toppen