Frist: 12. jan.

Kulturdepartementet søkjer ein erfaren, uredd og sjølvgåande kommunikasjonsrådgjevar

Vi søkjer ein kommunikasjonsrådgjevar som er trygg og sjølvgåande, og som ikkje er redd for å ta på seg nye oppgåver.

Arbeidsoppgåver

Kvardagen i kommunikasjonseininga er prega av høgt tempo og varierte oppgåver, til dømes kontakt med media og publikum, utarbeiding av medieplanar, samarbeid med og bistand til politisk leiing og fagavdelingane, planlegging og gjennomføring av pressekonferansar, publisering på regjeringa.no, i sosiale medium m.m. I tillegg til å arbeide på desse områda ønskjer vi at du bidrar med innlegg, kronikkar og talar.

Du vil inngå i kommunikasjonseiningas vaktordning, som sørgjer for at eininga kan løyse sine oppgåver også utanfor ordinær arbeidstid. Noko reiseverksemd må påreknast.

Kvalifikasjonar

Du må ha relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang relevant yrkeserfaring kan i nokre tilfelle vege opp for utdanningskravet. I tillegg må du ha fleire års erfaring som er direkte relevant for stillinga, fortrinnsvis frå arbeid som kommunikasjonsrådgjevar eller journalist. Du har ein breitt samansett kommunikasjonsfagleg kompetanse, ein god penn og evne til å setje deg inn komplekse saker og formidle dei godt.

Du må forstå samspelet mellom media, politikk og forvaltning. Som seniorrådgjevar er det særlege krav om sjølvstende og evne til å drive arbeidsprosessar framover. Du må evne å tenkje strategisk, rettleie andre og koordinere større arbeid. Du er ein god lagspelar, som tar stor grad av ansvar, og som løftar dei rundt deg. God rolleforståing er viktig. Du må vere god til å uttrykkje deg munnleg og skriftleg på begge målformer og på engelsk. Du må evne og trivast med å kunne skrive innlegg, kronikkar og talar.

Du vil bidra i planlegginga og styringa av eininga sine leveransar. Vidare ønskjer vi at du kan bidra til strategisk utvikling av eininga for å sikre effektiv ressursbruk, gode arbeidsmetodar m.m.

Vi legg vekt på at du er trygg i bruk av digitale verktøy, og at du evner og lærer å ta i bruk nye verktøy raskt. Dette inneber foto og video, sosiale medium, publisering på nett m.m.

Vi tilbyr

Kulturdepartementet er ein triveleg arbeidsplass med tilhald midt i Oslo sentrum. Dei som jobbar hos oss, trivst godt, og dei får gode høve til å utvikle seg i arbeidet. Vi har eiga kantine, fleksibel arbeidstid, høve til å trene i arbeidstida, god pensjonsordning og høve til å ta opp bustadlån i Statens pensjonskasse.

Stillinga som seniorrådgjevar er lønt frå kr 552 800 til 691 400 brutto per år. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vere aktuelt.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Vi har eit mål om å få til ei balansert samansetjing av tilsette på tvers av alder og kjønn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne, og personar som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukte til registerformål. Vi vil leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Offentleg søkjarliste og kontakt

Dei som søkjer, må vere merksame på at opplysningar om dei kan bli offentliggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentliggjord.

  • Vil du vite meir om stillinga, kan du ta kontakt med kommunikasjonssjef Marius Bakke på telefon 402 35 097.

Søknadsfrist: 12.01.19

Gå til søknadsskjema
Til toppen