Frist: 30. jan.

Kulturdepartementet søkjer kommunikasjonsrådgivar (seniorrådgivar)

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Kulturdepartementet er på jakt etter ein erfaren kommunikasjonsrådgjevar som likar både høgt tempo og varierte oppgåver.

Ein av våre erfarne kommunikasjonsrådgivarar har fått ny jobb, og vi søkjer no hans etterfølgjar.

Oppgåver
Som kommunikasjonsrådgivar vil du arbeide i team med kommunikasjonssjefen og dei andre kommunikasjonsrådgivarane i kommunikasjonseininga. Kvardagen er prega av høgt tempo og varierte oppgåver, som til dømes kontakt med media og publikum, samarbeid med og bistand til politisk leiing og fagavdelingane, planlegging og gjennomføring av pressekonferansar, utarbeiding av innlegg og talar, publisering av nyhende på regjeringen.no, i sosiale media m.m. Du blir del av ei vaktordning som skal sørgje for at eininga kan løyse kommunikasjonsoppgåver utanfor ordinær arbeidstid. Noko reiseverksemd må påreknast.

Kvalifikasjonar
Du må ha relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå. I tillegg må du normalt ha meir enn fem års erfaring som er direkte relevant for stillinga. Lang relevant erfaring kan i nokre tilfelle vege opp for utdanningskravet.

Interesse for og kunnskap om Kulturdepartementets fagområde er og ein fordel. Som seniorrådgivar er det særlege krav om sjølvstende og evne til å drive arbeidsprosessar framover. Vi legg også vekt på evne til å tenkje strategisk, til å rettleie andre, og til å koordinere større arbeid.

Høgt tempo og skiftande oppgåver gjer at du må vere fleksibel, kunne arbeide raskt og nøyaktig og vere god på å handtere stress. Du må òg vere god til å kommunisere og bygge tillitsfulle relasjonar med ulike type menneske. God rolleforståing og godt humør er viktig, i tillegg til at du er god til å utrykke deg munnleg og skriftleg på begge målføre og på engelsk.

Vi tilbyr
Kulturdepartementet er ein triveleg arbeidsplass, med tilhald midt i Oslo sentrum. Dei som jobbar hos oss seier at dei trivst godt, og at dei får gode høve til å utvikle seg i arbeidet. Vi har i tillegg eiga kantine, fleksibel arbeidstid, høve til å trene i arbeidstida, god pensjonsordning og høve til å ta opp bustadlån i Statens pensjonskasse.

Stillingsplassering og løn
Seniorrådgivar frå kr 530.000,- og kr 670.000,- brutto per år. For spesielt kvalifiserte kandidatar kan vi vurdere høgare løn.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Det er difor eit personalpolitisk mål å få til ei balansert samansetning på tvers av alder og kjøn, og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn, nedsett funksjonsevne, og dei som har stått utanfor arbeid og utdanning i ein lengre periode. Opplysningar om dette kan bli brukte til registerformål. Som IA-verksemd vil vi leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Offentleggjering
Dei som søkjer, må være merksame på at opplysningar om dei kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjarane ber om ikkje å bli oppførte på den offentlege søkjarlista. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.


For meir informasjon om stillinga,
kontakt vår rekrutteringskonsulent Ann-Kristin Hedman Nyrønning i firmaet BackerSkeie Executive Search & Selection på mobil 920 85 397, eller assisterande departementsråd Henning Henriksen på mobil 414 01 926.

Søknadsfrist: 30. januar 2019

Gå til søknadsskjema
Til toppen