Frist: 13. jan.

Kulturdepartementet søkjer mediepolitisk rådgjevar

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Vil du arbeide med mediepolitiske spørsmål?

Kulturdepartementet søkjer deg som har lyst til å vere med på å utforme ein politikk for morgondagen på mediefeltet. Stillinga er fast.

Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva for stillinga vil vere å utarbeide grunnlag for avgjerder og gje faglege råd til den politiske leiinga om mediepolitikken. Du vil mellom anna delta i eigarstyringa av NRK og bidra til å utvikle ein moderne mediestøtte. Departementet legg opp til å fremje ei melding til Stortinget om mediestøtteordningane om kort tid. Ei viktig oppgåve for deg vil vere å følgje opp denne meldinga.

Du vil arbeide på eit fagfelt som er prega av digital transformasjon, og det er naudsynt å tilpasse den offentlege politikken til endringar i tenestetilbod, marknadsstruktur og forbruksmønster. Dette er krevjande oppgåver som fordrar at du mellom anna held deg oppdatert om endringar i medievaner og mediestruktur. Du må vere budd på å stille din kompetanse til disposisjon for andre seksjonar og avdelingar i departementet.

Kvalifikasjonar
Du må ha høgare utdanning med fullført grad på minimum bachelornivå i samfunnsvitskap eller medievitskap eller i andre relevante studieretningar. Relevant røynsle er ein fordel.

Du er god til å uttrykke deg munnleg og skriftleg på norsk og på engelsk. Vi legg elles vekt på at du er analytisk og samfunnsorientert, forstår rolla som tilsett i eit departement, har stor arbeidskapasitet, og at du har evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert. Du må kommunisere og samarbeide godt. Fleksibilitet og initiativ er naudsynt, og du bør ha interesse for korleis teknologi, økonomi og formelle rammevilkår verkar saman.

For kandidatar som har lang nok røynsle til å bli tilsett som seniorrådgjevar, er det særlege krav om sjølvstende og evne til å sikre framdrift i arbeidsprosessar. Vi legg også vekt på evne til å tenkje strategisk, rettleie andre, og å koordinere større arbeid.

Vi tilbyr
Kulturdepartementet har eit kunnskapsrikt og stimulerande arbeidsmiljø, med engasjerte, kompetente og resultatorienterte medarbeidarar. Kvardagen i Medieavdelinga er prega av høgt arbeidstempo, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø.

Vi held til i hyggelege lokale midt i Oslo sentrum. Som tilsett hos oss har du fleksibel arbeidstid, høve til trening i arbeidstida, pensjonsordning og rett til å søkje bustadlån gjennom Statens pensjonskasse.

Tittel for stillingane er 1436 rådgjevar eller 1438 seniorrådgjevar. For å bli tilsett som seniorrådgjevar må du ha minimum 5 års røynsle som er direkte relevant for stillinga.

Rådgjevar frå kr 456 900,- til kr 555 100,- brutto per år
Seniorrådgjevar frå kr 524 200,- til kr 695 500,- brutto per år

For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn bli vurdert.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Staten som arbeidsgjevar skal nytte den fulle breidda i kompetansen til innbyggjarane. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i samfunnet. Difor blir alle kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring oppmoda til å søkje jobb i staten. Departementet er ei IA-verksemd. I det ligg det mellom anna at vi vil sørge for tilrettelegging på arbeidsplassen.

Dei som søkjer, må vere merksame på at dei kan bli oppførte på offentleg søkjarliste sjølv om dei ber om ikkje å bli det. Departementet vil svare på krav om unntak frå den offentlege søkjarlista før ho blir offentleggjord.

For meir informasjon om stillinga, kontakt avdelingsdirektør Øyvind Christensen på telefon 22 24 80 02 eller på mobil 907 95 192.

Søknadsfrist: 13. januar 2019

Gå til søknadsskjema
Til toppen