Frist: 1. des.

Kunnskapsavisa Khrono søkjer nyheitsjournalist i Bergen

Vil du jobbe med nyheiter og journalistikk frå universitets- og høgskulesektoren?

Kunnskapsavisa Khrono er avisa for og om høgre utdanning og forsking. Khrono er frå 2019 finansiert av 10 ulike universitet og høgskular, der OsloMet og Universitetet i Bergen er dei to største.

Khrono.no har sidan lanseringa i april 2013, vunne fleire prisar. Mellom anna:

  • Fagpresseprisen 2014, Fagpressen
  • To nordiske prisar for god design i SNDScandinavia
  • Årets nyskapar 2018 (Tove Lie), Oslo Redaktørforening
  • Årets fagpresseredaktør 2018 (Tove Lie), Fagpressen

Khronos målgruppe er tilsette og studentar ved dei høgre utdanningsinstitusjonane i landet, og alle som er interesserte i stoff frå nedslagsfeltet. No styrkjer Khrono nyheitssatsinga, og skal tilsetje ein journalist i fast stilling i Bergen.

Hovudkravet er at du må ha lyst til å vere med å lage og vidareutvikle den seriøse kvalitetsjournalistikken i ei digital nisjeavis for kunnskapssektoren.

Vi ser etter ein fleirmedial nyheitsjeger, gjerne med erfaring med alt frå kjappe deskvakter til journalistiske graveprosjekt. Du blir motivert å av sette dagsorden med nasjonale nyheiter frå kunnskapssektoren. Du vil bli ein del av ein prisvinnande, veksande og inkluderande redaksjon med høgt tempo og høge journalistiske ambisjonar.


Arbeidsoppgåver:

  • Å lage digitale nyheitssaker og -reportasjar frå kunnskapssektoren
  • Noko redigering, desking og publisering
  • Handtering av, og å vera til stades i sosiale medium)


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Journalistisk teft, gode idéar og sterk motivasjon for å finne dei gode journalistiske sakene i nedslagsfeltet vårt
  • God forståing for samfunn og politikk
  • Utdanning på universitets- eller høgskulenivå, fortrinnsvis journalistikk og/eller medieutdanning. Relevant praksis kan kompensere for formell utdanning.
  • Erfaring frå fleirmedial journalistikk og publisering, eller annen relevant digital erfaring
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ein fordel

Vi ønskjer at du skal bidra på ein arbeidsplass og i eit kreativt og pågåande redaksjonelt miljø der det skal vere kjekt, meiningsfullt og fagleg utfordrande å jobbe. Du er uredd og etterretteleg, har stor arbeidskapasitet og engasjement.

Du likar å samarbeide, og kan byggje tillit i universitets- og høgskulemiljøa,
på same tida som du held fast ved den kritiske og uavhengige redaksjonelle lina til avisa.

Khrono er ei riksdekkjande avis og du må rekna med noko reising. Det vil vere ein fordel om du har kjennskap til det som skjer ved universiteta, høgskulane og forskingsektoren i Noreg.


Vi kan tilby:

  • Du får vere med på ei spanande vidareutvikling av ein raskt veksande nisjeavis på nett
  • Utfordrande arbeidsoppgåver og ein arbeidsplass med mye latter og høgt tempo
  • Fleksibel arbeidstid med nokre faste vakt- og turnusordningar og gode velferdsordningar
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58 - 66 (for tida kr 513 600 - 594 400) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar


Spørsmål om stillingen kontakt:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje,
skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søknadsfrist: 01. desember

Gå til søknadsskjema
Til toppen