Frist: 15. feb.

Kvinnheringen søkjer etter vikar/sommarvikar i redaksjonen

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Vi søkjer ein sprudlande person som er glad i å snakka med menneske og jakta gode nyhende, og som boblar over av gode idear!

Vi er på jakt etter ein person som ønskjer å jobba som journalist i ein periode,
og aller helst ønskjer vi oss nokon som kan begynna på dagen og jobba her fram til 15. august. Om det ikkje lar seg gjera, er vi opne for eit anna starttidspunkt fordi vi uansett treng ferievikar til sommaren.
 
Vi bryr oss ikkje om du er ung eller gammal, kvinne eller mann, men du må vera glad i å skriva og beherska nynorsk. Dagens mediesamfunn er i stor endring, og har du digital kompetanse vil det vera ein stor fordel. Førarkort er ein føresetnad.
 

Har du spørsmål om stillinga
kan du ringa redaktør Mona Grønningen (tlf: 992 24 355) eller klubbleiar Jonn Karl Sætre (tlf: 995 20 861).
 
Send søknad med referansar og CV til mona@kvinnheringen.no.
Vi ser fram til å høyra frå deg!
Søknadsfrist: 15. februar.
Send søknad på e-post
Til toppen