Frist: 15. nov.

Kvinnheringen søkjer journalist

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Bli med på vinnarlaget!

Kvinnheringen har dei siste åra vunne mange prisar, og vi har blitt kåra til både European Newspaper of the year og Årets lokalavis i Landslaget for lokalaviser.
Vi har rundt 9.800 lesarar til saman, inkludert dei som les oss på papir og på nett – eller begge delar.

Avisa er ein del av aviskonsernet Amedia, og saman med over 70 andre lokalaviser har vi tilgang til analyse og teknologi som gjer at journalistikken vår når ut endå betre.

Kvinnheringen skal vera det lokale førstevalet for å finna informasjon om viktige hendingar. Vi skal setja nye tema og spørsmål på dagsordenen, vi skal synleggjera lokalt næringsliv og samtidig ha ei viktig rolle i å avdekka kritikkverdige forhold. Avisa skal bidra til glede, lokalt engasjement og fellesskapskjensle.

Vi er no på jakt etter journalist, og oppmodar deg om å søkja på stillinga viss du kjenner deg igjen i følgjande påstandar:

  • Du er arbeidsam, flittig og produktiv.
  • Du er positiv og engasjert.
  • Du er svolten på nyhende.
  • Du meistrar foto og video godt.
  • Du meistrar digitale plattformar og program.
  • Du har ein digital tankegang når det kjem til formidling av nyhende.
  • Du har forståing for den digitale journalistikken.
  • Du skriv god nynorsk.

Vi kan tilby ein spennande arbeidsplass, med varierte arbeidskvardagar, mange ulike utfordringar, godt arbeidsmiljø og kreativt spelerom. Vi har det aldri keisamt på jobb!

Synest du stillinga verkar spennande og vil senda oss ein søknad, eller har du spørsmål om stillinga, kan du kontakta:

Kvinnheringen er en lokalavis eid av Amedia, sjå her korleis det er å jobbe i ei avis i Amedia.

Søknadsfrist: 15.11.2019

Gå til søknadsskjema
Til toppen