Frist: 15. feb.

Kvinnheringen søkjer nyheitsjournalist

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Bli med på laget som skal utvikla Kvinnheringen.

Vi søkjer:

NYHENDEJOURNALIST + FERIEVIKAR + FRILANSARAR

Kvinnheringen søkjer ein nyhendejournalist som både kan laga dei kjappe nyhendesakene og som også kan gå meir i djupna på enkelte felt. Du skal vera med på å utvikla produkta våre og vidareutvikla redaksjonen.

Det skal skje gjennom journalistisk teft, solid fagkunnskap, stort engasjement, høgt tempo og i godt samarbeid med organisasjonen. Du vil inngå i turnusen vår og få jobba med redigering av nettavisa. I Kvinnheringen forventar vi at du har digital kompetanse og er interessert i å vidareutvikla denne.

Vi søkjer deg som:

  • Er oppteken av å utvikla journalistikken og produkta
  • Er svolten, idérik og jaktar på dei gode historiene
  • Brenn for lokalsamfunnet og lokaljournalistikken
  • Fortel historiene ved å utnytta digitale virkemiddel
  • Er god på både tekst, foto og video
  • Likar å ta ansvar, jobba sjølvstendig og vera kreativ
  • Veit kva som er ei god nyhendesak, og som raskt finn dei beste nyhendepoenga
  • Er ein lagspelar som evnar å tenka strategisk
  • Skriv nynorsk

Vi legg vekt på journalistisk utdanning og relevant erfaring. Du må òg ha førarkort for bil.

Sommarvikar:

Vi treng journalistvikar i redaksjonen frå slutten av juni til midten av august.

Frilansarar:

Likar du å skriva? Har du eit felt du er spesielt interessert i? Frå tid til anna har vi behov for ulike artiklar og reportasjar, og personar som kan jobba for oss i helger og på ettermiddag/kveldstid.

Søknadsfrist for alle stillingane er 15. februar.

Har du ikkje erfaring frå alle dei nemnde områda, men er nysgjerrig og har eit ønske om å utvikla deg digitalt, håpar vi likevel du vil senda oss ein søknad. Du kan òg kontakta oss om du har spørsmål om stillinga.

Gå til søknadsskjema
Til toppen