Frist: 1. nov.

Nærings- og fiskeridepartementet søker kommunikasjonsrådgjevar

Stillingen er satt passiv.

Finn ledige stillinger.

Som kommunikasjonsrådgjevar i Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har du ein av landets gildaste og mest varierte kommunikasjonsjobbar.

Ei viktig oppgåve er å informere, forklare og bidra til debatt om nokre av dei mest sentrale politikkområda i Noreg. Kommunikasjonsseksjonen i NFD har åtte medarbeidarar og er ein sprudlande stabsfunksjon som ligg under departementsråden.

Kommunikasjonsseksjonen har eit ledig vikariat på 1 år. Tilsetjing snarast råd.

Arbeidsoppgåver

  • Vere pressekontakt og medierådgjevar.
  • Lage kommunikasjonsstrategiar for arrangement og satsingsområde.
  • Gjere politikk og kompliserte saker forståelige for folk flest.
  • Delta i ei ordning med presseberedskapsvakter utanfor arbeidstid (kompensert).
  • Du må og rekne med ein del reising og å delta i anna arbeid i seksjonen ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Må ha relevant høgare utdanning, helst medie- og/eller kommunikasjonsfagleg. Særleg relevant arbeidserfaring kan vege opp for kravet til utdanning.
  • Må skrive og snakke svært klarspråkleg norsk.
  • Må kunne ta video og foto til sosiale media.
  • Må forstå samspelet mellom politikk, embetsverk og media og ha god forståing av roller.
  • Må vere sikkerheitsklarert for «hemmeleg» eller kunne klarerast.
  • Bør ha erfaring som nyhendejournalist og/eller kommunikasjonsrådgjevar og pressekontakt.
  • Kjennskap til norsk næringsliv er ein fordel.

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og arbeidsviljug, må like å ta i eit tak.
  • God vurderingsevne og evne til å jobbe raskt.
  • Omgjengeleg, gode samarbeidsevner og mykje humor.

Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på.

Vi tilbyr

  • 1 års vikariat som rådgjevar
  • Lønnsspenn: 482 200 - 566 700 (ltr. 54-63)
  • Ein hektisk og spennande kvardag.
  • Godt høve til kreativt og sjølvstendig arbeid Gode moglegheiter til kreativt og sjølvstendig arbeid
  • Fleksibel arbeidstid og betalt overtid
  • Eit svært godt arbeidsmiljø, vi har det gøy (og litt bråkete) på jobb.
  • Kreativt kontorlandskap med hengekøye og maskin som lager puffa mais (popkorn).
  • Kontorstad: Kongens gate 8, i Oslo sentrum.

Søknad kan sendast elektronisk via lenka "Søk stillinga" på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet, og vitnemål og attestar må leggjast ved.

NFD er oppteken av mangfald og ynskjer å vere ein arbeidsplass som reflekterer befolkninga. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av til dømes alder, kjønn, funksjonshemming, hol i CV, nasjonal eller etnisk bakgrunn.

For søkarar som oppgjev at dei har nedsatt funksjonsevne eller hol i CV-en, gjer vi merksam på at denne opplysninga kan bli brukt til statistikkføremål.

For meir informasjon om stillinga, kontakt kommunikasjonssjef Martine Røiseland, e-post mrd@nfd.dep.no eller telefon 970 55 024.

Søknadsfrist: 1. november

Gå til søknadsskjema
Til toppen